Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jul på Nordmøre er i sal

Jon Olav Ørsal Onsdag 28. november 2018

I dag kom «Jul på Nordmøre» i butikken, eit sikkert teikn på at jula nærmar seg med stormskritt.  Den flotte framsida som Bergljot Hals osar av julestemning, og leiaren i skriftstyret trur ikkje det finns noko julehefte som har finare framside.  Som tidlegare år har Jul på Nordmøre mange skribentar, og det er stor variasjon i kulturstoffet som smykkar dei 68 sidene i heftet – og noko for ein kvar smak.

Av lokalt her frå bygda kan vi ta fram artikkelen «Lyset som skin i mørkret», der Einy Rendal Elgsæther tek for seg adventtida som lyser opp i den aller mørkaste årstida.  Andre kjentfolk i spaltene er Tor Erik Jenstad, som tek for seg slang på Nordmøre og elles. Er du interessert i dialekt så passar den artikkelen ypperleg. Skriftstyret for denne årgangen av Jul på Nordmøre har vore Lars Steinar Ansnes, leiar, Reidun Halle, Karin Ormbostad og Toralf Haltkjelsvik. den grafiske biten er det Mediahuset som har stått for.

«1968, mitt mest spennande år» er namnet på artikkelen, der Eivind hasle skildrar si første jul i utlandet, medan Liv Løften Bureid minnes bestefaren Gudmund som las høgt til barnebarna og Sverre Gunnar Haga skriv om julebrevet som kom frå ein gammel onkel i Amerika. Johs. J. Vaag har bidrege med 2 artiklar – den eine omhandlar hestar og traktorar og den andre om faren og søskena hans. Mange av artiklane i «Jul på Nordmøre» har det felles at dei omhandlar gamle minner – eller gammel tradisjonar, men det finns også unntak. Torolv Løset har skrive om sommarminne 2017 – ei lita historie om ei linerle, og Bjørn Tore Brøske tek eit oppgjør om bruken av nynorsk i nordmørske media – der Todalen.no faktisk er omtala som eit heiderleg unntak. Brøske har også ein artikkel om «den sindig nordmøringen» og måten han tek oppstuss på med stoisk ro. Vi skal heller ikkje glømme å nemne bildeserien som Tommy Rustad presentere «Jul på Nordmøre» i sin bildeserie over 4 sider.

Over 4 sider presenterer Tommy Rustad ein flott bildeserie med tema Jul På Nordmøre.

Elles er det mykje småplukk som kan være artig lesnad og vi kan nemne Ole Magne Ansnes som følgjer Halsakoret på sin tur til tur til Liverpool og opptreden i Liverpool Cathedral – og Åge A. Olsen som har samla stoff om dei mest kjente bruene på Nordmøre og litt framtidsmusikk om både Nordøyvegen og Todalsfjordprosjektet – og sjølvsagt mykje meir! 

For ein hundrelapp kan du kjøpe «Jul på Nordmøre» på Matkroken her i Todalen, og det er det absolutt verdt!

Publisert: 28. november 2018, 18:26