Påmeldingane til årets Todalsdag er i gang, men er det nokon som ikkje har fått tilsendt invitasjon kan de finne informasjon under. Cupen har påmelding i klassane G/J 7 og 8, G/J9 og 10 og G12. Ein av få cupar med gratis påmelding.
Les heile saka
Påmeldingane til årets Todalsdag er i gang, men er det nokon som ikkje har fått tilsendt invitasjon kan de finne informasjon under. Cupen har påmelding i klassane G/J 7 og 8, G/J9 og 10 og G12. Ein av få cupar med gratis påmelding.
Les heile sakaMåndag klokka 18 er det klart for årets første lagseriestemne. Denne aktiviteten er det ski- og friidrettsgruppa som arrangerer, og dei oppfordrar store og små til å ta turen på Bordholmen denne kvelden. Leiar i gruppa er i år Gunnar Nordvik.
Les heile sakaOnsdag 6.juni kl.19.30 er det duka for Vårsongkveld i Ranes kyrkje med fleire kor og instrumentalistar. Her blir det besøk av kammerkoret WOK frå Sunndal kulturskule med dirigent Lone Eines. I tillegg blir to lokale kor med.
Les heile sakaÒg denne månenden har vi plukka ut eitt utval bilete som skal vera med i kåring om å verta månandens bilete. Hjelp oss med å røysta fram det bilete du synest fortena ei lita merksemd.
Les heile sakaNatt til fredag gikk det eit forrykande tordenvær over bygda og store deler av Indre Nordmøre rundt midnatt. Det var både lyn og torden og eit lynnedslag oppi kvennsetlia antente skogbotnen og laga ein mindre skogbrann. Brannen vart meldt rundt kl 00.30 og brannmannskap vart kalla ut både frå brannlaget i Todalen og full utrykning frå hovudbrannstasjonen i Surnadal.
Les heile sakaI går ettermiddag samlast ca 45 av dei rundt 60 ungdommane som går i 10. trinn ved Surnadal ungdomsskule til overnattingstur på Bordholmen. Ein avslutningstur der dei aller fleste som deltok på, med stor sannsynlegheit kjem til å minnast lenge. Turen hadde nemleg alt frå strålande sol, bading, leik, moro, god mat og eit litt skummelt torevêr til slutt som faktisk enda i ein liten brann i Kvendsetliene.
Les heile sakaTorsdag inviterte barnehagen i Todalen alle interesserte til kunstutstilling og sommarkaffe i Gammelskulen.
Les heile sakaDet var nok rekordmessig deltaking under stavgangturen til Torvika torsdag føremiddag, der hel 49 deltakarar møtte fram. Sol og varmt var det, men det begynner vi å bli vant til no. Under dagens stavgangtur var det oppmøte og parkering heime hos Randi Lysø, og derifrå var det berre å gå så langt som du lysta utover.
Les heile sakaI dag satt Michal Heimlund standhaftig og bydde fram andelodd til folk som var innom Matkroken i Todalen. For ein hundrelapp er du med på trekninga på Surnadal Jeger & Fisks andelotteri som har trekning under Laksefestivalen seinare i vår.
Les heile sakaFAU ved Todalen skule inviterte i kveld alle foreldre med born i skulepliktig alder til eit møte for å kartleggje ønsker og behov for Todalen skule i framtida. Leiar i FAU, Bjørn Gunnar Ansnes orienterte i forkant om kva som no skjer vidare i saka som utredningsrapporten som Surnadal kommune skal leggje fram for kommunestyret den 13. september.
Les heile sakaOnsdag var 10.-klassen ved Surnadal ute på busstur for å bli kjent i sitt eige distrikt. Da gikk turen mellom anna til Todalen, der dei var innom fleire plassar som Svinviks arboret, Todalshytta, gammelfabrikken i Brusetmarka og ein svipptur til Kårvatn.
Les heile sakaTysdag kveld var det ein spennande og underhaldande fotballkamp på Bordholmen. Søya/Todalen møtte Rindal i klassen J 10.
Les heile saka