Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

« Undervegs» – salmekveld i Stangvik kyrkje

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. september 2018

Tysdag 2. oktober kl 19.30 inviterer Stangvik sokneråd til salmekveld med temaet «Undervegs».  Kirsti Hjørnevik har vore på fleire pilegrimsvandringar i Spania. Ho vil fortelje og vise nokre bilde frå desse vandringane, og om det å vere undervegs i livet. Damekoret Credo deltek med song og vi syng saman frå salmeboka, melder Stangvik sokneråd.



God basarstemning og riktig godt oppmøte

Dordi Jorunn Halle Tysdag 25. september 2018

For første gongen i historia arrangerte Sanitetsforeninga basar på ein kvardagskveld, og dei var spente på korleis det vart teke i mot av bygdefolket. Men oppmøtet vart riktig bra, og det kom inn meir pengar på basaren i år enn i fjor!

Les heile saka

Låtskrivarseminar – rundar av med Raus-konsert på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. september 2018

Denne veka er fleire av dei fremste låtskrivarane samla til seminar på Todalshytta. Dei starta søndag og held på til torsdag, og onsdag kveld byr deg på seg sjølve og inviterer til konsert på Gammelfabrikken. Det er egentlig eit heilt unikt tilbod, der du får høre 7-8 toppartistar som opptrer saman, eller kvar for seg i ein og same konsert. Sist det var RAUS-konsert på Gammelfabrikken i 2016 samla dei nærare 200 tilhøyrarar – det blir det kanskje i år og?

Les heile saka

…og skogen vart til flis!

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. september 2018

Vegarbeidet i Brusetmelan går sin gang – no er det full fart med flising av skogen både på øversida av vegen mot Hjellen, og den skogen som er felt på nersida av vegen mot elva, for å gje plass til vegarbeidet. Det er ein spesialbil frå Mesta som sørger for flisinga, og flisa går rett opp i ein kontainer som går til dyrestrø i området her.

Les heile saka

Tovatna med overløp

Elinor Bolme Tysdag 25. september 2018

Dei siste dagers nedbør har no gjort at det no er vorte overløp ved dammen på Tovatna. Nils Henrik Johnson som er miljøansvarlig ved TrønderEnergi Kraft AS held oss orientert i prosessen med anleggsarbeidet:

Les heile saka

Vellykka elevtreff og boklansering

Elinor Bolme Sundag 23. september 2018

Godt over 150 personar samla seg i Stornaustet på Halsa i går på elevtreffet for tidlegare elevar og tilsette ved Halsa vidaregåande skule. Treffet kom i stand etter at Einar Oterholm tok utfordringa med å fullføre den historiske samlinga han byrja på med første bind «Historia til Nordmøre husmorskule». Boka som tok for seg historia til Nordmøre husmorskule frå 1921 til 1977.

Les heile saka

Promoterte det lokale brannvernet

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. september 2018

I dag var det open brannstasjon i Todalen for å markere brannvernveka som også blir markert på stasjonen på Kvanne og ved hovudstasjonen i Røtet. Hovedbudskapet var sjølvsagt å forebyggje brann, og lære folk meir om korleis dei kan bidra til dette sjølve og korleis det lokale brannvernet i Todalen kan bidra.

Les heile saka

Ny årstid i vente….

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. september 2018

At brøytestikkene kjem på plass er eit sikkert tegn på at ei ny årtid er i emning. I dag kunne vi observere at Rolf Ove Røv frå Teigans Maskinstasjon sørga for at nye brøytestikker kom på plass på fylkesvegane rundt heile bygda. – Når det attpå til er nysnø i Skjeringfjellet og Snøfjellet så er det iallfall ikkje tvil.

Les heile saka

Basar i kveld – kjem du?

Dordi Jorunn Halle Laurdag 22. september 2018

Todalen sanitetsforening minner om at det basar i Sanitetshuset i kveld, tysdag 25.09. Basaren startar kl. 17.00 og det er trekking ca. kl. 19.30. Det er stort basarbord, barnebord, dagens bord og åresalg. Mange fine gevinstar!

Les heile saka

KløverRUSLEtur på Kvennsetøran

Dordi Jorunn Halle Laurdag 22. september 2018

Sanitetsforeninga inviterer til Rusletur måndag 24. september. Denne gongen blir det base ved Sanitetshuset, og så kan ein gå tur i byggefeltet, utover til Småbåthamna eller opp til Løfta.

Les heile saka

Åpen brannstasjon

Elinor Bolme Fredag 21. september 2018

I morgon inviterer Surnadal brannvesen avdeling Todalen til åpen brannstasjon frå klokka 11 til 14. Dette er ein årleg begivenheit i  anledning Brannvernveka som er denne veka og gjeld naturleg vis alle dei tre stasjonane i kommunen; Kvanne, Todalen og Røtet.

Les heile saka