Denne veka blir det strikkekaffe på fredag, altså 5. oktober! Alle er velkomne til strikkekaffe i Todalen sanitetshus. Det er ope hus frå kl.13.00 til 16.00.
Les heile saka
Ulset: – Eg kunne ikkje la denne sjansen gå!
I dag startar Nils Erik Ulset i ny jobb på Kårvatn – eg kunne ikkje la denne sjansen gå frå meg, seier han til Todalen.no. Han går no inn i administrasjonen i Kårvatn Fjellutstyr og Kårvatn Handelskompani, men blir nok mest å sjå i skisporet i første omgang. Satsinga på ny sesong starta alt i mai, og no gler eg meg på at det blir skiføre, seier Nils Erik.
Les heile saka
Stem på månadens bilete for september
Ein fuktig september er over, og her er kåringa for månadens bilete. Stem på den du fortjener ei oppmerksomhet
Les heile saka
Stigande formkurve i Todalen Bodybyggjarlag
Todalen bodybyggjarlag har så smått byrja å røre på seg etter ein aktiv sykkelsommar. Dei har no trekt innomhus, og Hett & Svett var i kveld godt oppfylt av ivrige karar som slo eit slag for trening og trivsel. For det skal seiast, dei er veldig trivselsfokuserte. Treninga blir nesten som ein bonus å regne.
Les heile saka
Fin turdag!
Etter ei helg med regn og ruskver var det både opphaldsver og litt sol da kløverturgjengen la ut på tur første dagen i oktober. Med minstemann, Ingrid, i barnevogna til bestemor var det 15 personar som starta oppover skogsvegen frå Bruset.
Les heile saka
Kløvertur oppover skogsvegen frå Bruset
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 1. oktober. Oppmøte på Hals kl. 11.00, samkjøring til Bruset. Derifrå går turen etter fin og fast skogsveg, og det er ikkje bratt. På Kleiva, eit lite stykke ovanfor Haugligardane, er det bord og fin utsikt utover bygda. Alle er velkomne til å bli med på trim og tur!
Les heile saka
Ørjan Burøe med fordommer
Over 25.000 har sett Ørjan Burøe sitt stand-up-show «Fordommer». Fredag 5. oktober kommer han til Surnadal kulturhus. Burøe er vel også kjent som blogger, og enda mer kjent som gift med bloggeren «Komikerfrue» (Marna Haugen Burøe).
Les heile saka
Epler i lange baner i arboretet
Laurdag var det både epler og anna frukt som stod i fokus i Svinviks Arboret. Dei hadde fått besøk av ein av landets fremste ekspertar på fruktdyrking, professor Gustav Redalen, til å halde foredrag om epledyrking. Han la for dagen ein enorm kunnskap om fruktdyrking, og formidla dette til tilhøyrarane på ein lettfatteleg og lærerik måte.
Les heile saka
Stor interesse for markaslått
Torsdag kveld inviterte Surnadal Heimbygdlag til temakveld om markaslått ved Mo oppvekstsenter. Der møtte det over 100 interesserte personar! Det var over all forventning, slo programleiar Svein Sæther fast. Dei frammøtte gledde seg til å sjå den nye DVD-en om markaslått som Heimbygdlaget har produsert.
Les heile saka
Talgø MøreTre – Aukar lagringsarealet med 12.000 m2 på Syltøran
I dag starta asfaltarbeidet på den nye lagerplassen på Talgø MøreTre i Surnadal. Dei siste par åra har det vore jobba med å fylle opp plassen bak Hageland- og Byggmakkerbutikkane med tanke på bruk som lagerplass. Det skal legges tre lag – først eit penetreringslag som er pukk med eit lite lag asfalt, så eit lag med AGB-asfalt og til slutt eit lag med spesiell slitesterk og stabil asfalt på toppen. Den jobben blir utførst av Veidekke.
Les heile saka
Raus kveld på Gammelfabrikken
Å være raus vil si å dele med andre, sa Eric Malling, da han takka publikum etter RAUS 2018 konserten på Gammelfabrikken onsdag kveld. Og jammen var deltakerne på låtskriverseminaret på Todalshytta rause når de inviterte publikum for å høre hva de har skapt denne uken. For fjerde året på rad har det vært låtskrivarseminaret på Todalshytta, der etablerte artister har deltatt på låtskriverseminar for å utvikle seg som tekstforfattere, og for å komme videre. Avslutningen har vært de forrykende RAUS-konsertene, der vi har fått oppleve premierefremføring av mange tekster og melodier. – Eric Malling, som er initiativtaker, sier at det er slik at en må gjøre noe for at det skal skje noe. Det har han gjort.
Les heile saka
« Undervegs» – salmekveld i Stangvik kyrkje
Tysdag 2. oktober kl 19.30 inviterer Stangvik sokneråd til salmekveld med temaet «Undervegs». Kirsti Hjørnevik har vore på fleire pilegrimsvandringar i Spania. Ho vil fortelje og vise nokre bilde frå desse vandringane, og om det å vere undervegs i livet. Damekoret Credo deltek med song og vi syng saman frå salmeboka, melder Stangvik sokneråd.