Torsdag 15. november kl 19.30 avviklar Søya og Todalen skytterlag sitt årsmøte på kantina på Talgø-fabrikken på Kvennset. Det er vanlege årsmøtesaker som står på saklista for årsmøtet, melder leiar Håvard Halset til Todalen.no
Les heile saka
Torsdag 15. november kl 19.30 avviklar Søya og Todalen skytterlag sitt årsmøte på kantina på Talgø-fabrikken på Kvennset. Det er vanlege årsmøtesaker som står på saklista for årsmøtet, melder leiar Håvard Halset til Todalen.no
Les heile sakaSom vanleg var det godt oppmøte på bibliotekkvelden i regi FAU, Todalen bibliotek og Todalen skule under markeringa av årets Nordiske litteraturveke. Temaet for litteraturveka i år var «Heltar i Norden», og Britt Mossing fortalte litt om dei ulike literaturheltane som har dukka opp igjennom åra.
Les heile sakaI helga blir det ny runde med HÆSTlatter på Skei. Eit knippe lokale, allsidige og kreative revyamatørar inviterer til trimming av magemusklane på Gladlaksen ved Thon Hotel Vårsøg både fredag og laurdag kveld.
Les heile sakaSiste Kløverturen i 2018 gjekk etter Toåa tursti. Det vil seia at kløverturgjengen starta frå Halsbua og gjekk nedom fabrikken, forbi Bordholmen og vidare til Halsabrua før vi tok inn på stien langs elva. Det vart pause i Gunnøya – sjølvsagt skreiv alle namn i turboka. Vidare gjekk turen oppover langs elva, forbi Båthølen og Tømmermelhølen og over ekra til vegen. Dette blir ei riktig kjekk turrute når Toåa tursti blir ferdig.
Les heile sakaLaurdag 17. november kl 13.00 er det klart for opning av ustillinga «Haustlys 2018». Det skjer i Galleri Finstuå i Surnadal Kulturhus, der Styrkår Brørs er hovudutstillar i tillegg til 6 andre lokale utstillarar.
Les heile sakaSøndag ettermiddag er det nytt bokslepp for Todalen historielag. Da er det klart for premiere for årsskriftet for 2018, som da er klart frå trykkeriet og dermed klart for utdeling og sal. Heilt nytt denne gongen er det at boksleppet skjer på Gammelfabrikken i Brusetmarka.
Les heile sakaTrimmen på Landbrukshuset som hittil har vore på onsdager blir av praktiske grunnar flytta til torsdagar kl 11. frå komande torsdag 15. november, melder Surnadal pensjonistlag, Stavganggruppa. Bli med og fyll på med trim på dei innendørs trimaktivitetane gjennom vintersesongen, oppfordrar leiar Kristian Ranes.
Les heile sakaMåndag 12. november er det bibliotekkveld i Todalen skule. Det blir da markering av Nordisk litteraturveke. Temaet for litteraturveka er «Heltar i Norden». Arrangementet er i tidsrommet 17.30 – 19.00 i biblioteket.
Les heile sakaLaurdag 10.november var det klart for hogstdugnad i Toåa tursti. Ni karar med motorsag gjekk laus på lauvskogen langs elva. Det vart raskt felt mange tre, men det er mykje å ta av! Skogen, mest older, hegg og selje, står tett langs heile elvekanten.
Les heile sakaTodalen IL og prosjektgruppa i Toåa Tursti minner om dugnaden ved Båthølen i morgon laurdag klokka 10.
Les heile sakaFullt hus, kjøle god mat og blide ungar – det var riktig triveleg og god stemning under dagens middag i Sanitetshuset. Det var omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening som inviterte bygdefolket til søndagsmiddag på ein torsdag.
Les heile sakaStieg Larsson sine bøker om datahackeren Lisbeth Salander lever vidare i amerikansk film med premiere fredag 9. november.
«The Girl in the Spider’s Web” hentar handlinga si frå oppfølgaren til Larsson sine tre bøker; nemleg «Det som ikke dreper oss» av David Lagercrantz.