På eit spøkefullt spørsmål om dei var i gang med legging av slitedekke på FV671, så svara Marius Krangnes Solem og Geir Magne Haugen frå Mesta avkreftande – men dei var enige i at det er behov for det. – Skulle vi gjort det med dette utstyret så hadde det nok teke på tida, sa dei to som var i gang med å fylle dei verste hola på fylkesvegen frå Kvennset og utover til Nordvik.
Les heile saka
Allsidigheita var stor når nesten alle skuleungane og barnehageungane møttes til felles Halloweenmarkering i gymsalen i går kveld. Her var både søte damer, skumle typer, mumiar på rulleskeiser og mann i dusj på plass for ei hyggeleg fellessamling i forbindelse med årets kanskje skumlaste dag; Halloween.
Les heile saka
Det såg mesta ut som asfaltlegginga i Brusetmelan og på Bordholmvegen skulle bli eit kappløp med vinteren, men det vart det egentlig ikkje. NCC troppa opp med eit stort følgje og la ny asfalt – først på Brusetmelan og så på Bordholmvegen – og dei kom vinteren i forkjøp. Dei siste par dagane har det også vore asfaltlegging på Nordvik, der både dei nye busslommane og vegen forbi det nye bustadfeltet på Øygarden har fått ny asfalt som Veidekke har stått ansvarleg for.
Les heile saka
Førstkommende lørdag blir det boklansering på Matkroken Todalen. Da presenterer Ingrid Pedersen og Jenny Stensby boka «Jeg velger livet – veien til kjærligheten» som søster Magny Kjølstad jobbet med de siste årene hun levde.
Les heile saka
Alle er velkomne til haustfest i Start 4H, 3.november kl.14.00 i Todalen skule. Tradisjonen tru vert det utstilling av oppgåver, og visning av aktivitetar gjennom året, samt quiz, loddsal og merkeutdeling.
Les heile saka
Siste måndagen i oktober vart ein riktig så fin verdag, om enn litt kald. Fjella er høge og sola står lågt, så det er ikkje så lett å finne turruter med sol. Men dagens tur på nordsida av Toåa oppi Talgøleigmålet vart kjøle fin om sola ikkje nådde ned til turgåarane. Det var overraskande lunt oppe i skogen.
Les heile saka
Stangvik Historielag inviterer til «dialektkveld» på Stangvik skule tirsdag den 6. november kl . 18.45.
Vi får besøk av Gunvald Bøe, som vi veit har mykje kunnskaper om emnet, han både kjenner mange dialektord, og han kan gje oss forklaring på kvar mange av dei «rare» orda våre kjem ifrå og kva dei tyder.
Les heile saka
Førstkommende onsdag 31.10 er første kveld med balleik i gymsalen på skulen.Vi kombinerer balleiken denne kvelden med Halloween feiring. Sidan dette også er den store Halloween dagen, ønsker vi å invitere alle store og små til lek og moro, oppfordrar arrangørane i Idrettslaget.
Les heile saka
Det var skikkeleg basarstemning og mykje folk som møtte opp da Trim-, ski- og friidretssgruppa arrangerte sin årlege basar. Klingande mynt i kassa vart det også, for basarkomiteen rapporterte om skikkeleg god respons på førehandssalet på Matkroken dei siste vekene og sjølvsagt var det triveleg at så mange kom på basar, sa leiar i Trimgruppa Jorun Nordvik da ho takka publikum etter trekninga.
Les heile saka
Sist veke kunne styret i Surnadal golfklubb endeleg samlast til styremøte i eige, nyoppført klubblokale. Golfklubben har ein ihuga dugnadsgjeng som møtes kvar veke for å gjere små og store oppdrag på anlegget. I haust har hovedgeskjefta vore å sette opp nytt klubbhus, som no altså er «innflytningsklart». Ei betrakteleg oppdatering av brakka som vart oppsett ved etableringa av banen i 2006.
Les heile saka
Det vart skremt livskiten ut av dei fleste da «Halloween» kom i 1978. Laurie Strode (Jamie Lee Curtis) overlevde derimot, og ho må ta opp kampen mot Mike Myers ein siste gong i denne nye skrekkfilmen. Halloween-filmen «byr på noen inspirerte grøss», skriv NRK, så publikum blir «skræmt, ja».
Les heile saka
Laurdag var det førehandsal til TILs basar for trim-, ski- og friidrettsgruppa. Loddsalet gikk strykande og Gunnar Nordvik hadde fullt opp med å registrere loddsalet. Førehandsalet fortsett i opningstida til butikken fram til kl 16.00. Søndag er det basar i ungdomshuset som startar kl 16.00 og går utover ettermiddagen og kvelden og der blir det massevis av gevinstar fortel Gunnar Nordvik.