Indre Nordmøre Senioruniversitet inviterer til årsmøte på Kulturhuset i Surnadal, onsdag 23. januar 2019 kl. 11.00. Dei byr på song og musikk, med gamle slagere og slagequiz med Tor Strand og Norvald Bondhus.
Les heile saka
Pensjonistlaget med medlemsmøte
Surnadal Pensjonistlag skal ha medlemsmøte på sjukeheimen tysdag 22.1. kl 1500. Det blir som vanleg song og musikk, og vi får kåseri ved Bengt Eriksson, leiar i Kristiansund Pensjonistlag. Sjølvsagt blir det servering, loddsalg og triveleg samvær, skriv Surnadal pensjonistlag i ei pressemelding.

Prøve til skiskyttarmerket på Toreseter
Indre Nordmøre forsvarsforening arrangerer prøve til skiskyttarmerket etter militært program på Toreseter. Det skjer førstkomande laurdag 19. januar 2019 kl. 13.00. Det er påmelding ved start. Programmet er 10 km langrenn med 10 skott liggjande på 100 meter avstand.
Les heile sakaStrikkekaffe i Sanitetshuset.
Laurdag 19. januar inviterer Todalen sanitetsforening til strikkekaffe. Det er ope hus frå kl. 13.00 til 16.00. Alle er velkomne til sosialt samver med handarbeid, triveleg prat og kaffelag!
Les heile saka
Utfor med skulebussen ved Vassosen
Hålkeføre med litt nysnø oppå skapte problem for skulebussen på tur oppover til Kårvatn måndag ettermiddag. Bussen hadde liten fart, så utforkjøringa var heilt udramatisk. Uhellet skjedde tett attmed utløpet frå Vassosvatnet, og det var berre ein passasjer om bord i bussen. Verken passasjer eller sjåfør kom til skade og bussen kom og godt frå uhellet.
Les heile saka
Med stein på stein vart varden på Norskeplassen til
På «søre luten» av Gran Canaria ligg det fleire turistbyar som kvart år har massevis besøk av massevis av norske turistar – trur faktisk det dreier seg om så mange som rundt 350 000 i året. Puerto Rico fristar mange, og her er mange prislister og plakatar på norsk i tillegg til andre språk. Når du høyrer folk snakkar på gata, så er det ofte norsk dei talar.
Mange av turistane har langtidsopphald her, og mange både korttids- og langtidsturistar er flinke til å trimme når dei er her. Eit populært mål for trimturar i området er sjølvsagt Norskeplassen – på 315 m.o.h. og ein stor times gange er den populært mål for trimmarar både frå Puerto Rico, Anfi og Arguineguin.

Erik satsar på NC i randonee
I helga har årets første Norges Cuprenn i randonee vore arrangert i Skorgedalen. Arrangør var Romsdal Randonee Klubb, og på startstreken i klassen ungdom stilte Erik Kårvatn for Todalen IL. Fredag kveld var det individuell sprint og Erik konkurrerte mot Edvard Sætran Solli frå Torjulvågen. Erik var sterkast begge dagane og vann klassen sin. Han har etter ein sesong som både aktiv innan fotball og friidrett eit godt grunnlag til å hamle opp med mtstandarane i motbakkane.
Les heile saka
Sjømannsprest og veteran – no på tredje turen til Gran Canaria
I januar er Torbjørn Brøske stasjonert i Arguineguin som prestevikar i rundt ein månad. Tidlegare har han og kona Rannveig gjort teneste her i 3 månader i 2015, og ein kortare periode i 2017 – da feira dei forresten jul her, og hadde deler av familien på julebesøk. Og det er slett ikkje nokon nybegynnar som tek teneste i Sjømannskyrkja på Gran Canaria, for Torbjørn har gjort teneste i til saman 14 år i Sjømannskyrkja på forskjellige plassar.
Les heile saka
I dag: Helge Husby kåserer om Slaget i Gratangsbotnen 25. april 1940 .
Førstkomande søndag, 20.januar kl. 15.00, inviterer Todalen historielag til ettermiddagskaffe i Ungdomshuset. Helge Husby frå Tingvoll har skrive bok om slaget i Gratangsbotnen i 1940 der mange frå gamle Stangvik kommune deltok. Dette er utgangspunktet for kåseriet Helge Husby vil halde i Ungdomshuset.
Les heile saka
60 kubikk flis på 1-2-3
I dag har det vore rydda i kvistdungane nedover ved ekrekanten i Slåttøya ved Toåa Tursti igjen. Per Åke Jakobsson og Carsten Bohle har kutta opp ca 60 kubikk med flis på nokre ettermiddagstimar fra dugnaden tidlegare i fjor haust. Veret har vore litt stabilt vått den seinare tida, så dei har ikkje hatt anledning å gjort ferdig jobben dei starta før jul.
Les heile saka
Levende juletrekule ble månadens bilete.
Eit artig bilete gjekk omtrent overlegent ut med seiren av månadens bilete. V gratulerar til Magne Søyset, og vil levere premie ved fyrste anledning. Vi har noe alle som skal væra med i kåringa årets bilete, og kjem attende med den.
Les heile saka
Banken gir av overskuddet
Kvart år har lag og foreningar mulegheit til å søke Surnadal sparebank om midlar etter siste års overskudd. I år intet unntak, og banken oppfordrar alle med eit kundeforhold til å søkje.
Les heile saka