Helgemessedagen – Allehelgens – vart feira søndag. I Stangvik, Todalen og Åsskard gjorde sokneprest Kristin Strand teneste.
I Stangvik var det barnedåp – i tillegg til dagens liturgi som omfattar minnestund for dei som har gått bort siste året.
Les heile saka
Torsdag kveld er det duka for salmekveld i Øye kyrkje. Tema for kvelden er «I Guds omsorg» og Sverre Hatle vil leie kvelden og knytte nokre ord til salmane som skal syngjast. Songkoret Tormod deltek med korsong saman med Damekoret Credo.
Les heile saka
Hurra for ho den som fyller sitt år! Ja, ho vil vi gratulere! I dag vi ropar hurra for Kitty som fyller 90 år! Sjølv om Kitty har stor runddag, så stilte ho på Kløverrulsetur, men runden frå Sanitetshuset og utover til Småbåthamna tok ekstra lang tid for henne i dag. Ho måtte rett som det var, ta pause på rullatoren for å ta i mot gratulasjonar på mobiltelefonen!
Les heile saka
Det var søstrene Jenny og Ingrid som laurdag presenterte notat- og diktboka som søstra Magny hadde ideen til. Magny gikk bort så alt for tidleg i 2016 – berre 48 år gamal. Men ho rakk å skrive feire dikt og hadde klekt ut ideen til å lage ei notatbok, der ho kunne publisere dikta ho hadde skrive. Venner og familie har teke på seg å realisere dette bokprosjektet, og no er boka her. Boka vart presentert under dagens bokslepp i Kaffekroken på matkroken i Todalen.
Les heile saka
Laurdag ettermiddag var tida inne for å runde av sesongen for Start 4H med tradisjonell haustfest i gymsalen. Her kunne dei by på både underhaldning og traktering, og ikkje minst presentasjon av prosjektoppgåvene dei har jobba med den siste tida. Det er sjølvsagt artig og triveleg å invitere både familie og venner for stolt å vise fram utstillinga.
Les heile saka
Vi har også denne månaden valgt ut nokon bileter som utpeikar seg.
Hjelp oss og stem fram den som fortjenar og vinna.
Les heile saka
Kløverturgruppa i Todalen sanitetsforening inviterer til sesongavslutning for Rusleturar og Kløverturar i Sanitetshuset måndag 5. november. Det blir oppmøte ved Sanitetshuset kl. 11.00. Yr melder mildt og godt ver, så da blir det først trimtur i nærområdet til Sanitetshuset; rundt om byggefeltet, utover til Småbåthamna eller ein tur opp til Løfta.
Les heile saka
Todalen I.L. minner om invitasjonen julebordet som laget arrangerer laurdag 17. november og at påmeldingsfristen går ut laurdag 3. november. Bruset fortel at det allereie no er mange påmeldte, og reknar med ein innspurt dei siste to dagane.
Les heile saka
På eit spøkefullt spørsmål om dei var i gang med legging av slitedekke på FV671, så svara Marius Krangnes Solem og Geir Magne Haugen frå Mesta avkreftande – men dei var enige i at det er behov for det. – Skulle vi gjort det med dette utstyret så hadde det nok teke på tida, sa dei to som var i gang med å fylle dei verste hola på fylkesvegen frå Kvennset og utover til Nordvik.
Les heile saka
Allsidigheita var stor når nesten alle skuleungane og barnehageungane møttes til felles Halloweenmarkering i gymsalen i går kveld. Her var både søte damer, skumle typer, mumiar på rulleskeiser og mann i dusj på plass for ei hyggeleg fellessamling i forbindelse med årets kanskje skumlaste dag; Halloween.
Les heile saka
Det såg mesta ut som asfaltlegginga i Brusetmelan og på Bordholmvegen skulle bli eit kappløp med vinteren, men det vart det egentlig ikkje. NCC troppa opp med eit stort følgje og la ny asfalt – først på Brusetmelan og så på Bordholmvegen – og dei kom vinteren i forkjøp. Dei siste par dagane har det også vore asfaltlegging på Nordvik, der både dei nye busslommane og vegen forbi det nye bustadfeltet på Øygarden har fått ny asfalt som Veidekke har stått ansvarleg for.
Les heile saka
Førstkommende lørdag blir det boklansering på Matkroken Todalen. Da presenterer Ingrid Pedersen og Jenny Stensby boka «Jeg velger livet – veien til kjærligheten» som søster Magny Kjølstad jobbet med de siste årene hun levde.
Les heile saka