Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongavslutning for Kløverturane

Dordi Jorunn Halle Laurdag 3. november 2018

Kløverturgruppa i Todalen sanitetsforening inviterer til sesongavslutning for Rusleturar og Kløverturar i Sanitetshuset måndag 5. november. Det blir oppmøte ved Sanitetshuset kl. 11.00. Yr melder mildt og godt ver, så da blir det først trimtur i nærområdet til Sanitetshuset; rundt om byggefeltet, utover til Småbåthamna eller ein tur opp til Løfta.

Les heile saka


Fyller hola på Fv671 til vinters

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. november 2018

På eit spøkefullt spørsmål om dei var i gang med legging av slitedekke på FV671, så svara Marius Krangnes Solem og Geir Magne Haugen frå Mesta avkreftande – men dei var enige i at det er behov for det. – Skulle vi gjort det med dette utstyret så hadde det nok teke på tida, sa dei to som var i gang med å fylle dei verste hola på fylkesvegen frå Kvennset og utover til Nordvik.

Les heile saka

Skumle og søte på ein gong

Elinor Bolme Torsdag 1. november 2018

Allsidigheita var stor når nesten alle skuleungane og barnehageungane møttes til felles Halloweenmarkering i gymsalen i går kveld. Her var både søte damer, skumle typer, mumiar på rulleskeiser og mann i dusj på plass for ei hyggeleg fellessamling i forbindelse med årets kanskje skumlaste dag; Halloween. 

Les heile saka

Så vart det asfalt, mesta i kappløp med vinteren…

Jon Olav Ørsal Onsdag 31. oktober 2018

Det såg mesta ut som asfaltlegginga i Brusetmelan og på Bordholmvegen skulle bli eit kappløp med vinteren, men det vart det egentlig ikkje. NCC troppa opp med eit stort følgje og la ny asfalt – først på Brusetmelan og så på Bordholmvegen – og dei kom vinteren i forkjøp. Dei siste par dagane har det også vore asfaltlegging på Nordvik, der både dei nye busslommane og vegen forbi det nye bustadfeltet på Øygarden har fått ny asfalt som Veidekke har stått ansvarleg for.

Les heile saka

Hun valgte seg livet

Elinor Bolme Onsdag 31. oktober 2018

Førstkommende lørdag blir det boklansering på Matkroken Todalen. Da presenterer Ingrid Pedersen og Jenny Stensby boka «Jeg velger livet – veien til kjærligheten» som søster Magny Kjølstad jobbet med de siste årene hun levde.

Les heile saka

Haustfest 4H

Elinor Bolme Tysdag 30. oktober 2018

Alle er velkomne til haustfest i Start 4H, 3.november kl.14.00 i Todalen skule. Tradisjonen tru vert det utstilling av oppgåver, og visning av aktivitetar gjennom året, samt quiz, loddsal og merkeutdeling.

Les heile saka

Fin hausttur!

Dordi Jorunn Halle Måndag 29. oktober 2018

Siste måndagen i oktober vart ein riktig så fin verdag, om enn litt kald. Fjella er høge og sola står lågt, så det er ikkje så lett å finne turruter med sol. Men dagens tur på nordsida av Toåa oppi Talgøleigmålet vart kjøle fin om sola ikkje nådde ned til turgåarane. Det var overraskande lunt oppe i skogen.

Les heile saka

Dialektkveld på Stangvik skule

Elinor Bolme Måndag 29. oktober 2018

Stangvik Historielag inviterer til «dialektkveld» på Stangvik skule tirsdag den 6. november kl . 18.45.

Vi får besøk av Gunvald Bøe, som vi veit har mykje kunnskaper om emnet, han både kjenner mange dialektord, og han kan gje oss forklaring på kvar mange av dei «rare» orda våre kjem ifrå og kva dei tyder.

Les heile saka

Balleik med Halloweenvri

Elinor Bolme Måndag 29. oktober 2018

Førstkommende onsdag 31.10 er første kveld med balleik i gymsalen på skulen.Vi kombinerer balleiken denne kvelden med Halloween feiring. Sidan dette også er den store Halloween dagen, ønsker vi å invitere alle store og små til lek og moro, oppfordrar arrangørane i Idrettslaget.

Les heile saka

God gammeldags basarstemning i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Sundag 28. oktober 2018

Det var skikkeleg basarstemning og mykje folk som møtte opp da Trim-, ski- og friidretssgruppa arrangerte sin årlege basar. Klingande mynt i kassa vart det også, for basarkomiteen rapporterte om skikkeleg god respons på førehandssalet på Matkroken dei siste vekene og sjølvsagt var det triveleg at så mange kom på basar, sa leiar i Trimgruppa Jorun Nordvik da ho takka publikum etter trekninga.

Les heile saka