Det er artig å høre på folk som kan sitt fag og er gode til å formidle og dele kunnskapen med andre. Kirsty Mckinnon er ein av dei som passar til denne karakteristikken. Grundig, sakleg og god å høre på. Tysdag kveld var ho på Hageland Surnadal med sitt foredrag om hagebruk og formidla gode råd og mykje kunnskap til eit 50-tals hagebruksinteresserte.
Les heile saka
I kveld kl 19.30 er det årsmøte for Todalen.no, og styret håpar at fleire tek turen til Todalen Ungdomshus for å sjå kva som har gått for seg i 2018. Det er dei kommersielle medlemmene som bedrifter, lag og organisasjonar som har stemmerett, men alle våre personlege medlemmar (utan stemmerett) og andre interesserte er også hjarteleg velkomne til ein gjennomgang av året som har gått.
Les heile saka
Stem på februar sitt månadens bilete
Les heile saka
Kløverturen denne veka gjekk frå Snøya og utover til Gammelvegen og ned til Svinvika. Her var det fint å gå, heldigvis ingen glatte vegbitar lenger.
Les heile saka
No er det aldeles rette tida for å førebu sommarens hagebruk. På Hageland er alle typar frø, både til blomster, grønnsaker og urter på plass i hyllene. Tysdag 5. mars frå kl 18 får Hageland besøk av Kirsty Mckinnon frå Norsøk på Tingvoll i butikken. Ho vil saman med Hubertine Roebroek som er gartner på Hageland vise korleis du skal få godt resultat med såing, prikling og planlegging av kjøkkenhagen.
Les heile saka
Toril Redalen og Eduard Ortega har sendt oss eit lite prospekt med eit utleigeobjekt i perioden 1. – 30. april 2019, som ligg sentralt i Todalen. Dei har totalrenovert den gamle husmannsplassen like ved kirka, og ønsker no å leige den ut i kortare periodar.
Les heile saka
Stangvik Historielag heldt sitt årsmøte på Stangvik skule den 19. februar, med bra oppmøte. På saklista stod vanlege årsmøtesaker, bl.a. val, rekneskap og budsjett. Valkomiteen hadde gjort ein god jobb, overtala både formann og to styremedlemmer til å fortsette. Styret vart da som følgjande: leiar Einar Grønnes, nestleiar Marit Haugen, sekretær Hallvard Kvande, kasserar Rolv Lysø og styremedlem Rolf Smisetfoss.
Les heile saka
Lukta av nystekte bakels bredde seg frå gapahuken på Tjønnmyra på formiddagen i dag når skigruppa i Todalen IL inviterte til barn i løypa. Kombinasjonen med Wasaloppet, 50 km menn i Seefeldt, og minimalt med snø i bygda gjorde nok sitt til at deltakinga ikkje var den aller største.
Les heile saka
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 4. mars. Denne gongen blir det ur ute i Gammelvegen, og turen blir avslutta med kaffepause på Myklebu. Oppmøte på Hals kl. 11.00, samkjøring derifrå utover i retning Kammen.
Les heile saka
Elisabeth Andreassen satte ny seerrekord på Hver gang vi møtes, og nå legger hun ut på turneen «Jeg er skitbra». Turneen avsluttes i Surnadal kulturhus 16. mars. Hun er norsk musikks ubestridte førstekvinne, som mange ganger har hevet den musikalske takhøyden gjennom intet mindre enn fire tiår.
Les heile saka
I dag er det Barn i løypa på Tjønnmyra frå klokka 12 og utover, eller familiedag om ein vil. Her blir det både kaffe og kanskje bakels å få servert mellom draga i skibakken.
Sjølv med spennande VM-dagar i Seefeld og mange norske medaljar var det stort oppmøte på Fredrikkekaffeen laurdag ettermiddag. Rett nok skal det seiast at somme kom etter at Therese og Ingvild hadde gått i mål på 3-mila. Bra at folk kan vera engasjerte i mange og ulike saker!
Les heile saka