Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til flerkulturell adventstund

Jon Olav Ørsal Måndag 3. desember 2018

Onsdag kveld inviterer kyrkja i Surnadal til flerkulturell adventstund i kyrkjelydshuset på Skei. På programmet som startar kl 18.00 står tenning av adventlys, julesongar, juleevangeliet – og eit måltid kveldsmat i lag. Alle er velkomne!

Les heile saka

Nytt årsskrift frå Stangvik historielag

Jon Olav Ørsal Måndag 3. desember 2018

Årsskrift for 2018 frå Stangvik historielag er på plass i butikkhyllene. I tradisjonelt A4-format og med 60 sider med lokalhistorie er historielaget i rute både til historieinteresserte og som jule-lesnad. Årets nummer er den 12. utgåva frå historielagets skriftstyre og det inneheld mykje god og variert lesnad – litt for ein kvar smak.

Les heile saka

Julegrantenning med fønvind og varmegrader

Jon Olav Ørsal Sundag 2. desember 2018

Med 9 varmegrader og litt fønvind er det inga sak å arrangere julegrantenning. Det har kanskje aldri vore så bra oppmøte på julegrantenninga og folk såg ut til å kose seg med gløgg og godsaker, samtidig som ungane leika seg og venta på gang rundt juletreet og besøk av nissen. Julesongar og gang rundt juletreet hører […]

Les heile saka


Seterboka for Ålvundeid og Ålvundfjord er kome i sal

Jon Olav Ørsal Sundag 2. desember 2018

Setrer og kulturlandskap – Ålvundeid og Ålvundfjor heiter boka som no er i handelen og vart høgtideleg presentert i Ålvudeid Grendahus sist onsdag. Ideen til boka vart unnfanga våren 2017, og alt i oktober i år gikk boka i trykken med rundt 160 sider med seterhistorie frå Ålvundeid og Ålvundfjord – ispedd mykje historie rundt kulturlandskap og høyløer.

Les heile saka

Samla naboane og tennte julegrana

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. desember 2018

I Brusetmarka var det storstila julegrantenning i kveld, og arrangementet «grip om seg» med stadig fleire deltakarar. Det er triveleg å samle naboane og gjera ting saman, og sjølvsagt var det servering av både gløgg, pølser, sjokolade og mykje anna godt. Deltakartalet passert denne gongen god over tretti og både store og små kosa seg denne mørke og milde desemberkvelden med opptil fleire varmegrader.

Les heile saka

Julelystenning

Elinor Bolme Fredag 30. november 2018

  Todalen Grendalag inviterer til julelystenning søndag 2. desember kl 18 ved matkroken søndag. Det blir julesongar, god stemning, servering av gløgg, loddsal med fine premiar og forhåpentlegvis kjem det nissarpå besøk.                                               […]

Les heile saka

Julegrantenning i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Fredag 30. november 2018

Sesongen for julegrantenning er i kjømda, og først ute i år er dei i Brusetmarka.  Her er det tradisjon for å samlast i Trudvangkrysset til julegrantenning, og det skjer komande laurdag 1. desember kl 18.00.  Da blir det servering av gløgg og pepperkaker og mykje anna godt, og alle som har lyst er velkomne til å delta, melder arrangementskomiteen.


Ladyer og lakselorder

Elinor Bolme Fredag 30. november 2018

Onsdag 5. desember (kl. 13) blir det «onsdagstreff» igjen på Surnadal kulturhus, og denne gangen forteller Tommy Fossum om «lakselordtida». Tommy Fossum har arbeidet et par år med å grave fram historier om de første britiske sportsfiskerne som kom til Nordmøre og Romsdal, samt til Oppdal og på Dovrefjell. Det har resultert i ei bok som nå kommer til salgs.

Les heile saka

Info frå Surnadal folkebibliotek

Elinor Bolme Torsdag 29. november 2018

Vi har fått tilsendt litt oppdatert opplysninngar om aktiviteten ved Surnadal folkebibliotek. På søndag held dei ope i forbindelse med Juletorg på Skei. Etter helga er det delvis stengt for innstallering av ny utlånsstasjon. 

Les heile saka

«Nyami Nyami»

Elinor Bolme Torsdag 29. november 2018

Lørdag kveld blir det ren danseforestilling i Surnadal kulturhus – om «Nyami Nyami». Tendai, sunndalingen som også surnadalsdanserne kjenner godt til, har laget en ny danseforestilling som både vil glede og inspirere. Surnadal Dansekompani vil også delta med en gjesteopptreden.

Les heile saka