Det blir medlemsmøte på sjukeheimen tirsdag 23.4. kl 1500. Kommunesjef Gunnhild Eidsli vil orientere om den nye helse- og omsorgsplanen, vidare blir det quiz, servering og loddsalg. Som vanleg song og musikk. Vel møtt alle saman! Det er styret i Surnadal pensjonistlag som skriver det i ei pressemelding.
Det var lang kø da Talgø mathall opna på Kristiansund stadion sist søndag. Talgø mathall er kort og godt ein plass der du innandørs kan kjøpe og fortære ein matbit – det være seg ein fishan, pizza eller KBK-burger og høveleg tilbehør. På stadion finns det dog fleire tilbod – Talgø mathall har eit familiepreg og kan brukast av heile familien – både store og småe. I tillegg er Slatlem Corner eit tilbod der det er 18-årsgrense, og så den tradisjonelle VIP-avdelinga for sponsorane.
Les heile saka
Det fine besøket og Sissel H.Storslett vant månadens bilete for mars. Redaksjonen gratulerer. Hugs å send oss nye bidrag. Vi er glade på alle bileter som kjem inn til oss.
Les heile saka
Kårvatn Fjellutstyr AS og Kårvatn Handelskompani AS byr denne uken på årets påskesalg. Det meldes om kjempetilbud på toppturpakker, stort demoskisalg, tidenes største vareprøvesalg fra merket Crazy Idea – og andre godbiter både i butikken og fra importlageret! 3 dager – torsdag til lørdag med utvidet åpningstid – bla videre og se plakaten.
Les heile saka
Påska er like om hjørnet, og nok ein gong er vi så heldige å ha fått ein ny spesialtilpassa påskekrim frå Guro Redalen. Ho fortel at ho av og til blir så inspirert av alt det spanande som skjer her i Todalen, at det berre måtte bli ein ny krim i år også. Som forøvrig er den fjerde påskekrimmen ho har skreve for oss så langt.
Les heile saka
Måndag 8. april kom med retteleg finver og sol, om enn litt skarp og kald luft, og det vart ein kjempefin Kløvertur utover etter Haltbakkvegen på Nordvik.
Les heile saka
Eit 40-tals streikande 8. klassingar troppa i dag opp på kommunehuset på Skei med klar beskjed til administrasjonen; Ikkje ta frå oss ein klasse frå hausten. Vi vil ha alle tre! Bakgrunnen for det brennande engasjementet er at det før helga hadde komme fram i ein sms til foreldra på trinnet at dei tre klassane på 8. trinn ved Surndadal Ungdomsskule skulle reduserast til to.
Les heile saka
Til tross for sen påske er det fine forhold på fjellet. Det er bare å pakke sekken og spenne på seg skiene, DNT-hyttene er klare til å ta imot påskeglade nordmenn.
– Det ligger til rette for en drømmepåske i fjellet, med aprilsol og flotte skiforhold de fleste steder. Frivillige og ansatte i DNT har jobbet på spreng de siste ukene for at du skal kunne få den perfekte påskeferien med ski på beina og appelsinpause i solveggen, sier generalsekretær i Den Norske Turistforening, Dag Terje Klarp Solvang.
Les heile saka
Tydeleg at turstiprosjektet «Toåa Tursti» engasjerer bygdefolket. Søndag samla basaren som vart arrangert fullt hus i Todalen ungdomshus, og det kom inn pengar så det monner denne gongen også. Heile prosjektet med tursti frå Bønnavollan og nedover til Halsabrua er kostnadsrekna til rundt 1,2 mill. kroner, der ein halvpart skal finansiert med midlar og dugnadsinnsats og den andre halvparten skal finansierast med tippemidlar.
Les heile saka
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 8. april. Da går turen på Nordvik, frå Sjøleet og etter vegen utover til Haltbakkan, fin grusveg og ikkje bratt. Start frå Matkroken/Hals kl. 11.00.
Les heile saka
Mange tok turen innom Sanitetshuset laurdag ettermiddag; det er kjekt å møtast til triveleg samvær og kaffelag. Strikkepinnane gjekk flittig; her vart det strikka både kjolar, teppe, vottar, lestar, kofter og kopptuer.
Les heile saka
Vi stakk innom Todalshytta for å sjå kor langt dugnadsarbeidet er kome, og vart litt overraska over at det no faktisk er berre litt finpuss som står att – og sjølvsagt litt opprydding. Så kan hytta tas i bruk, sjølv om hytta ikkje skal være døgnopen og betjent turisthytte i sommar. Fotturistane får bruke Ishuset og Jomfruburet som sjølvbetente overnattingsplassar, og Todalshytta vil bli leid ut til arrangement som for eksempel konfirmasjonar, bursdagar og bryllupsarrangement.
Les heile saka