Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Olsok-konsert i Åsskard

Bernt G. Bøe Tysdag 23. juli 2019

Operasongarane Erik Rosenius og Sigrid Vetleseter Bøe og pianisten Hedda Hansen Berg er hovudaktørar når Åsskard kyrkje inviterer til konsert søndag kveld. Gregorianske tonar og Bach-musikk rammar inn programmet. Ei gruppe frå arrangørkoret Prosjekt 17 markerer olsok med song frå Sankt Olav si tid. Og sidan 28. juli også er minnedag for Bach, syng koret satsar av salig Johann Sebastian – både muntre og andektige.

Dei to operasolistane har eit stort og variert program som omfattar Verdi, Wagner, Dvorak, Handel og Franck så vel som Marcus Paus og Olle Adophson. Blant titlane finn vi «Herren är min herde», «Dich, teure Halle», «Nu är det gott att leva» og «Panis Angelicus».

Ola Bræin lagar «Dåm av folketone» med sitt velklingande munnspel. Hedda Hansen Berg er kveldens akkomapgnatør.

Under kaffestunda etter konserten presenterer Dordi Glærum Skuggevik si nye bok «Haustferd i Europa – Olav den Helliges 1000 år». Boka blir også å få kjøpt denne kvelden.

Olsokkonserten i Åsskard er del av ei større kulturhelg. Elvanesset-dagane i Bøfjorden fredag og laurdag byr på bryggekonsert og sjøliv. Laurdag er det også open kyrkjekonsert i Stangvik. Søndag står humor på Bøfjorden Sjøbruksmuseum sin plakat. Og finalen på helga er altså sommarkonserten med undertittel «Olavsvaka» i Åsskard.

 

Publisert: 23. juli 2019, 19:15