Første påskedag (søndag 21. april) samlast sjakkentusiastar til påskesjakk på Matkroken Todalen. Har du lyst til å bli med er det berre å møte opp i tidsrommet 16 – til 18. På to timar blir det tid til to parti for alle, med ei tid på 30 minutt for kvar.
Les heile saka
Sol, kos og vel gjennomført Kjerringdilt
I dag har definitivt vore ein utedag både på fjell og ved sjø. Tradisjon tru har trimgruppa avvikla det årlege skirennet «Kjerringdilten» rundt Skihytta. Vel 35 personar tok turen til fjells, og dei aller fleste deltok i skirennet med den gjeve vandrepokalen som mål.
Les heile saka
Mann av huse for Gunnøydilten
Gunnøydilten er det nye påsketrimalternativet, som faktisk har engasjert mesta heile bygda for å ut på trim. Med god hjelp av det fine påskevêret arrangerte TIL trimgruppa Gunnøydilten som eit alternativ til Kjerringdilten. Gunnøydilten var slett ikkje tenkt som ein konkurrent til Kjerringdilten, men satsa på eit heilt anna publikum.
Les heile saka
Del 3; Pilk Panter – eller då orgelet peip på Halle
Fotografering på Halle. 10 årsjubileum for todalen.no. Ein heil episode utan Handelsmann Nordvik eller Lunde-gaupa. I går var ein underleg dag i påskekrimmen. Og det blir ikkje betre i dag.
Les heile saka
Utstilling heile påska
Torsdag opna utstillinga til Sissel Halset Storslett og Reidar Østvik i Skulstuå. Mange tok turen innom i det fine påskevêret
Les heile saka
Vellukka seterrenn i full vårløysing
Årets seterrenn er nr 91 i rekkja, og da går det vel an å kalle det tradisjon, sjølv på Nordvik. I løpet av dei 91 åra har det sikkert vore ymse vêr og ymse føreforhold, og vi veit da at det fleire år har vore alternative arrangement på grunn av snømangel i området rundt Nordviksetra. I år var det iallfall nok snø til å arrangere sjølve seterrennet, men hopprennet og kulerennet må stå over til neste år, og var erstatta av ein improvisert natursti som var ei fullgod erstatning og engasjerte mange.
Les heile saka
Del 2; Pilk Panter – eller då orgelet peip på Halle
Dette har hendt: Påskehøgtida er i gang med panting og handel på Halsbua. Nokon er mindre gode på å lese plakatar, noko som førte til ein episode ved panteautomaten. Merkeleg. Ein skulle jo tru at slekt i sjuande ledd på sørsia visste betre. Og det var det ikkje berre frk Bladfyk som meinte.
Les heile saka
Velg mellom Kjerringdilt og Gunnøydilt på langfredag
Langfredag 19. april er det tradisjonell «Kjerringdilt» på Skihytta på Ørsalfjellet. Da er det uhøgtideleg langrennskonkurranse på idealtid og med flott vandrepokal som premie. Alternativt kan du delta på Gunnøydilten som er heilt ny av året. Den har start frå Trøbakkan eller frå Halsabrua og går til Gapahuken ved Gunnøya.
Les heile saka
Del 1; Pilk Panter – eller då orgelet peip på Halle
Endeleg er dagen her, da første del av påskekrimmen 2019 kan settast i gang. Som eit lite bonusmateriale har forfattar Guro også lese inn alle seks episodane på lydspor. Fyll opp kaffekoppen og set deg godt til rette, her kjem første del av «Pilk Panter – eller då orgelet peip på Halle»
Les heile saka
Skiturist vart henta ut av helikopter
Tysdag kveld vart ein skiturist henta ut med helikopter frå Neåstien – i nedstiginga frå Neådalen og ned til Kårvatn. Turisten som er ein trønder i 20-årene kleiv seg rett og slett fast, og da mørket seig på vart det beslutta å hente vedkomande ned med helikopter.
Les heile saka
Stor oppslutning om påskebasaren på Nordvik
Påskebasaren på Nordvik samla mykje folk, inne var Forsamlingshuset var stappfullt, og utanfor var det full fart med ein skokk ungar som leika gjømsel. Det er tydeleg at Nordvik er vekstområde, og etter kvart som byggefeltet på Øygarden fyllest opp, kan nok Forsamlingshuset bli i minste laget.
Les heile saka
Åpen kro med påskeQUIZ
Onsdag 17. april fra kl. 20 og utover blir det åpen kro på Pakkhuset på Todalsøra. Det blir spennende PåskeQUIZ med premiering til beste lag. Ta turen til Pakkhuset og treff venner som er hjemme på påskeferie.