Søndag blir ein dag med rikhaldig program i Todalen Ungdomshuset. Dagen startar med innlevering til byttemarknaden i kjellaren frå 15-17, der du kan kome og levere bruka, men heilt idrettsutstyr av ulik art. Litt seinare på dagen frå 17-19 er det byttemarknad, og kl. 17 startar også basaren. Kl 18 fortsett det med filmframsyning, der Svein Åge Saksen viser film frå – «Smellet i Trollheimen» og frå «Talgøpensjonistane som hadde samling på Gammelfabrikken – begge filmane frå 2006.
Les heile saka
Med klokkestilling og aprilspøkar unnagjort, er vi klar med mange fine bileter for mars, som skal knivast om tittelen månadens bilete. Hjelp oss å finna ein vinnar. Du kan stemma fram til laurdag kveld. Og som alltid er det kjærkomme med nye bilde til e-posten vår.
Les heile saka
I dag har Surnadal kommune fått den høgthengande arbeidermiljøprisen 2019 på ei tilsteldning på Scandic Alexandra Molde. Dette er ein pris som blir utdelt av Utdanningsforbundet, Fagforbundet og KS i Møre og Romsdal kvart år. Knut Haugen skriv i ei pressemelding på vegne av trepartssamarbeidet i Surnadal kommune at dei er veldig glad for og setter stor pris på at dei har fått Arbeidsmiljøprisen 2019!
Les heile saka
Den 1. januar 2019 vart eldrereforma «Leve hele livet» starta i kommunane rundt om i landet. «Leve hele livet» handlar om det som er viktigast i livet: fellesskap, aktivitet, deltaking, førebygging, god mat og rett helsehjelp. Det meste av ansvaret for å gjennomføra reformene er lagt på kommunane, men pårørande, frivillige og dei eldre sjølve må og ta eit tak.
Les heile saka
Søknadsfristen for nytt opptak til Kulturskolen på Indre Nordmøre nærmar seg med stormskritt. I disse dager vil det bli delt ut brosjyre til elevane ved skulane på Indre Nordmøre med meir info til elevane.
Les heile saka
Surnadal kommune, kultureininga, har fleire tilskottsordningar og tildelingar av leigetid i gymsalar m.m. som skal avgjerast med det første.
Les heile saka
No kan du få kjøpt 100-årsboka til IL Søya også på Matkroken i Todalen. Terje Nordvik er ein raus handelsmann, som velvillig stiller med hylleplass for alle som har ulike bøker og tidsskrifter til salgs. Her finn vi blant anna både historielagshefter, slaktarhistorier og alle dei tre nye bydebøkene frå Surnadal.
Les heile saka
Det var stor interesse for å lære poding av frukttre i Svinviks Arboret med eit knapt tjuetals deltakarar på podekurset i arboretet. Kurset er for så vidt eit ledd i arbeidet med å restaurere frukthagen som Hallvard Svinvik i si tid etablerte, og dette skjer etter økonomisk støtte på rundt 150.000 frå landbruksdepartementet. Arboretet har forplikta seg til å formidle kunnskap om poding av frukttrær og derfor har arboretet interesserte deltakarar, fortel Katarina Wedelsbäck-Bladh som er fagleg ansvarleg i Svinviks arboret.
Les heile saka
Surnadal Pensjonistlag minner om påmelding til sin trivselskveld på Thon Hotel Surnadal onsdag 10.4. kl 19.00. Her blir det enkel middag i restauranten, før det blir kaffe og dans i Gladlaksen med Trond Larsens kvartett.
Les heile saka
Sanitetsforeninga minner om at det er Kløvertur måndag 1. april. Oppmøte ved Hals og start derifrå kl. 11.00.
Les heile saka
Neste helg, nærare bestemt søndag 7. april er det basar til inntekt for Toåa Tursti. Det er eit stykke att før prosjektet er fullfinansiert, men alle monner dreg i rett retning og folk er dyktige til å støtte opp med loddkjøp, seier Elinor Bolme som hadde sin tørn med loddsalg da vi stakk innom laurdag. Du rekk enno å stikke innom butikken for å kjøpe lodd, men det blir også sjanse for forhandskjøp komande fredag den 5. april.
Les heile saka
Surnadal golfklubb inviterer sine medlemmar til oppfriskningskurs på reglane for golfklubben tirsdag 9. april kl 18.00. Her blir det både gjennomgang av sentrale reglar og nye regelendringar. Oddvar Væge og Emil Naterstad står for gjennomgangen som skjer i klubbhuset til golfklubben på Kvanne.
Les heile saka