Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kartverket vedtok Rossåa

Elinor Bolme Laurdag 7. september 2019

Kartverket har den seinare tida gjort fleire namnevedtak. Organisasjonar, eller andre med særskilt tilknyting til namna, har i prosessen hatt mulegheiter til å komma med innsigelsar. Etter at vedtaket no er fatta kan også særskilte med klagerett komma med klage på dei ulike vedtaka. 

Kartverket har gjort følgjande vedtak: Røssmoen (bruk i Surnadal), Røssåa (bekk frå Strengen), Røstolan (li ved innløpet av Hamnesfjorden) og Rossåa (Todalen) som er mest interessant for oss denne gong.

Kartverket skriv følgjande om kvifor dei har gjort vedtak om Rossåa: Namnet på elva i Kvennsetdalen i Todalen er registrert som Rossåa på økonomisk kart frå 1971 og Norge 1:50 000 frå 1974. I dei lokale innspela er det lagt fram mykje dokumentasjon på skrivemåtane Råssåa og Rossåa, også i eldre, danske skriftform.

På 1:50 000-kartet frå 1992 har skrivemåten blitt Røssåa, men det finst altså ingen eldre belegg for skrivemåte med ø. Uttalen /’’råssåa/ blir stadfest av grunneigarar, kommunen og stadnamnprosjektet i fylkeskart.

Skrivemåten Røssåa må vere ein rein feil, slik Anders Talgø og Johan Todalshaug Hals peiker på i innspela sine. Etter uttalen må skrivemåten bli Rossåa eller Råssåa.

Grunneigarane og kommunen ønsker primært Råssåa, eventuelt Rossåa. Språkrådet tilrår Rossåa, som kan avspegle dei moglege opphava ross ‘hest’ eller ‘(vind)rosse’. I fylkeskartet er namnet også skrive Rossåa, og denne skrivemåten har som nemnt tradisjon frå kart. Uttalen /åss/ blir normalt skrive -oss- på norsk, som i pronomenet oss, ein foss osv. Skrivemåten –åss- er derimot svært uvanleg.

Kartverket vedtar skrivemåten Rossåa i samsvar med uttalen og norske rettskrivingsprinsipp. 

Om nokon, med klagerett, meiner dette vedtaket er feil, må ein sende inn klage innan 1. oktober. Dei som har klagerett, har rett til å sjå saksdokumenta, som er arkiverte hos Kartverket. Det er høve til å søkje om utsett iverksetjing av vedtaket til klagefristen er ute eller klaga er avgjord. Ei eventuell klage skal sendast til Kartverket med kopi til kommunen (post@surnadal.kommune.no), postadresse Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.

Klaga skal grunngjevast, og grunngjevinga må omtale alle namn eller namneledd klaga gjeld. Adressa til Kartverket er post@kartverket.no, ev. postadresse: Postboks 600 Sentrum, 3507 Hønefoss.

Først publisert: 7. september 2019, 05:00 - Sist oppdatert: 6. september 2019, 21:36