Rindalingene er ivrige turgåarar med turar kvar tirsdag gjennom turgruppa i idrettslaget. Denne vekas tur gjekk til Bollknubben som ligg i grenseland mellom Todalen og Sunndal. Harald Egil Folden har sendt oss nokre ord og mange fine bilder.
Les heile saka
Har du lyst å spela håndball, her kjem ei oppfordring frå jenter i 4 og 5 klasse i surnadal il.
Les heile saka
Kvanne Industrier AS søkjer no etter lærling i produksjonsteknikkfaget til fabrikken sin i Surnadal. Har du rette utdanninga eller anna relevant erfaring kan du få jobb i ei spennande bedrift.
Les heile saka
Sommaren er på hell, og Todalen sanitetsforening er i gang med hausthalvåret. Oppstarten vart Kløvertur i fint ver til Svabu i Talgøhaugane. Turen gjekk etter fin skogsveg og med triveleg rast ved hytta.
Les heile saka
I dag starta fire nye elevar på Todalen skule. Tre av dei var jentene Julia, Øyvor og Natasha som skulle byrje i første klasse. Dei har hatt god trening med førskuleklubb siste barnehageår, og vart fort husvarme i skulegarden saman med resten av elevane ved oppvekstsenteret, heile 27 i talet.
Les heile saka
Torsdag 22 august er det mektige Folldalen som venter på Stavganggruppa. – Vi møtes ved bommen og kjører sammen opp til Follsjøen. Der parkerer vi før dammen, og vandringen blir over dammen og videre etter eget ønske. Til vanlig tid (kl 11.00) og husk stoler denne gangen! Hjertelig vel møtt alle sammen, skriver Stavganggruppa i en e-post til redaksjonen.
Ski- og friidrettsgruppa i Todalen I.L. minner om lagseriestemna som startar på igjen på torsdag og blir arrangert kvart torsdag utover hausten. Vi møtes kl. 18 til ballkast, lengdehopp og løp – 60 m og 400 m. Alle er velkomne og vi minner også om at Nordvikgardingane er velkomne til å bli med oss, seier leiar i ski- og friidrettsgruppa Gunnar Nordvik.
Haustsesongen for Kløverturane i Todalen sanitetsforening startar måndag 19. august. Turen denne dagen går frå redskapshuset på Talgøgarden og innover skogsvegen til «Gammelreiret». Oppmøte ved Hals/Matkroken og samkjøring derfrå kl. 11:00. All er velkomne til å bli med ut tur!
Les heile saka
Norsk vandrefestival inviterte til utmarkshistorisk vandring i liene på Nordvik laurdag 17. august. Oddvar Mikkelsen stilte som kunnskapsrik, lokalkjent og engasjert guide; dette gjorde at vandringa vart utruleg interessant for deltakarane. Veret var også godt.
Les heile saka
Det var Marte Melbø som mottok prisen som årets æresvandrar på vegne av friluftsrådet i Nordmøre og Romsdal. Marte er StikkUT-ansvarleg i friluftsrådet og mottok prisen på vegne av friluftrådet i Nordmøre og Romsdal og kommunane som deltek i arbeidet med StikkUT. Veldig overraskande, men kjekt å få ei slik tilbakemelding på arbeidet som vi gjør for å engasjere folk i StikkUT-prosjektet.
Les heile saka
Det var slekta etter Ingeborg og Ole Husby frå Falløya som laurdag var samla i Todalen ungdomshus, både for å treffes og for å bli betre kjent. Det var Odd Arild Sande, kona Eva og Jim Bruseth frå Texas som har vore initiativtakarar og som har planlagt gjennomføringa av prosjektet. Til saman vart det invitert 35 tremenningar, og 20 av dei kom. Med ektefeller og 9 barnebarn på kjøkkenet er vi 48 i ungdomshuset i dag, seier Odd Arild.
Les heile saka
Det er eit kjent fenomen at mange insekt har problem på grunn av klimaendringane. Ikkje minst gjel det humler og villbier som det har vore stor fokus på. Under dagarrangementet på årets Vandrefestival er det sett fokus på akkurat det med humlehotell, og dermed er det lagt tilrette for at dei yngste skal få være med og bidra til at humler og villbier skal få ein stad å bu. Bygging av humlehotell var ein av familieaktivitetane i samband med dagarrangementet i arboretet laurdag
Les heile saka