Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny Oscar-film klar for Surnadal kino

Dordi Jorunn Halle Fredag 31. januar 2020

Her kjem ein presentasjon av kinoprogrammet i helga:

Tekst: Steinar Hasselø.

 Ny Oscarfilm klar for Surnadal kino: «Little Women» er nominert for seks Oscars og viser med det at nokre historier verkeleg er tidlause!

Briljante «1917», med makelaus fotografering og handling frå 1. verdskrig, blir vist søndag. Den har vorte omtala som ein av dei aller beste antikrigsfilmane gjennom tida, og er absolutt verdt å få med seg!

Fredag 31. januar får ein anna Oscarfilm premiere: «Little Women» har ei eineståande rolleliste, med m.a. Meryl Streep. Det er likevel to andre skuespelarar som vart nominert til Oscar denne gongen – Saoirse Ronan og Florence Pugh – i tillegg til nominasjonane som «Little Women» fekk for beste film, musikk osv. «Little Women» handlar om dei fire March-søstrene som sjølv vil avgjere korleis dei skal leve, i ei tid da det ikkje var lett for kvinner å gjera det.

Barnefilmen «Elleville Elfrid» går også kvar dag i helga. Denne sjarmbomba, med figurar kjent frå NRK Super, er allereie eksportert til 30 land. Det er sjeldan kost for ein norsk film …

Kinoprogrammet finn du her:

https://www.surnadal-kulturhus.no/program-og-billettar/

Publisert: 31. januar 2020, 11:20