Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste dugnadsøkt i 2019

Elinor Bolme Torsdag 24. oktober 2019

Torsdag kveld var ein liten gjeng oppmøtt for å planere grusen etter graving og oppgrusing av turstien ved Oddøyhølen i retning Halsabrua. Og med den effektive gjengen, vart siste ankomne dugnadsdeltakar for sein til å delta. Nils Ove Bruset fortel at dugnadsarbeidet i 2019 no er ferdig.

Les heile saka

Sistemann henta opp og heim frå årets sommarbeite

Elinor Bolme Torsdag 24. oktober 2019

Arne Drøpping frå Drøppingstranda, Ålvundfjord har i lengre tid leita etter dei tre siste sauane i besetninga rundt Ansnessetra. Han har fått fleire tips frå bygdafolket i Todalen, og i dag kunne han endeleg få heim dei tre siste frå årets sommarbeite. Ikkje heilt utan dramatikk, men med fantastisk hjelp frå Jan Vidar Øyen gjekk det bra til slutt, fortel han i ein epost i dag.

Les heile saka

Dugnad på kort varsel

Elinor Bolme Onsdag 23. oktober 2019

Fleire har kanskje oppdaga at det har vore gravearbeid i nedre del av turstien. Grunneigar Ola Kvendset har den siste veka teke bort matjord og lagt på grus på deler av stien der han eig. Her er ikkje grusen planert enno, og derfor trengs ein liten dugnad til å planere utover før frosten gjer sitt inntog.

Les heile saka



Oppkjøring til skisesongen 2019/20

Elinor Bolme Måndag 21. oktober 2019

Laurdag inviterer skimiljøet Surnadal til storstilt skidag på Surnadal kulturhus. Her blir det muligheit til å sjå det aller nyaste av ski og utstyr til både langrenn, alpint, freeski og randonee. Ein får også tatt ein prat med forhandlarane og dei ulike skigruppene hos Surnadal IL for erfaringsdeling, veiledning eller berre slå av ein real skiprat.

Les heile saka

Trekningsliste klar og snart kommer bøssebærerne

Elinor Bolme Sundag 20. oktober 2019

Her kommer trekningslisten etter loddsalget som ble opprettet i forbindelse med TV-aksjonen og den internasjonale bygdekvelden i Surnadal kulturhus sist uke. Den kommunale aksjonskomiteen ønsker å rette en kjempestor takk til alle som har kjøpt lodd, og ikke minst til alle som har bidratt med gevinster slik at det til slutt ble to trekninger.

Les heile saka

Nordgarden med ny singel – med norsk tekst

Jon Olav Ørsal Sundag 20. oktober 2019

Terje Nordgarden er todalsvenn og godt kjent frå opphald på Todalen og konsertar på Todalshytta og Gammelfabrikken. Terje er aktiv musiker og har turnert mykje på kontinentet. Sist fredag slapp han ein ny singel ut på markedet. Den har en tekst som han har skrevet til sin far, og den er skrevet på norsk. Og det vil nok komme mer på norsk fra Nordgarden, så dette kan nok nærmest betegnes som en forsmak.

Les heile saka

Mange julegåver, triveleg Fredrikkekaffe og måndag Kløvertur i Øyalia

Dordi Jorunn Halle Laurdag 19. oktober 2019

Da er ein del av julestria alt unnagjort, i alle fall for ivrige medlemmar i Sanitetsforeninga. Laurdag under strikkekaffen vart det pakka inn mange fine strikkaprodukt til både barn og vaksne i Estland. Her var det fine ullgenserar, lestar og vottar. I tillegg var det levert inn mange ferdigpakka gåver, og ein kunne sjå på presanglappane at her var det pakkar både til familiar, barn, ungdommar og eldre. Og gåvene skal kome til Estland alt neste veke, altså i god tid før julekvelden.

Les heile saka

Sjelden fisk tatt i Todalsfjorden

Tekst og foto Sverre Kjølstad Laurdag 19. oktober 2019

Leif Inge Røe og Lars Furu kom til Nordvik for å prøve fiskelykken, og satte ut ca. 20 garn fredag kveld. Lørdag morgen var de ute for å trekke garna, og til sin store overraskelse kom et uhyre opp av sjøen som hadde gått på garna.

Les heile saka

Stor handledag på Matkroken L.Hals – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. oktober 2019

I dag vart den lokale handledagen markert på Matkroken Todalen og på rundt 400 andre nærbutikkar rundt omkring i landet. Det vi først og fremst har sett i fokus er kor viktig nærbutikken er i mange bygder, og ikkje minst i Todalen der vi er i overkant av 300 innbyggarar, seier Terje Nordvik som er drivar av Matkroken Todalen. På Matkroken Todalen var det i dag gratis servering av kaffe og nystekte bakels med graut – og det sette folk skikkeleg pris på. Todalen sanitetsforening sørga for serveringa.

Les heile saka

Pris til Talgø – Beste stand på Bygg Reis Deg 2019

Jon Olav Ørsal Fredag 18. oktober 2019

Selv om Innovasjonsprisen 2019 «glapp på målstreken», så vart det likevel en prestisjetung pris på Talgø MøreTre! I dag troppet nemlig juryen opp på Talgø MøreTres stand med flott diplom og blomster, og kunne berette at Talgø MøreTre var valgt som beste stand på Bygg Reis Deg 2019.

Les heile saka