Statens vegvesen stenger Todalsvegen på Nordvik mellom krysset til Haltbakkvegen og til krysset opp til Sollivegen i morgon 18. september og torsdag 19. september grunna asfaltering. Vegen blir stengt frå kl. 08.30 til 13.15 begge dagar.
Les heile saka
Haustblot med rypejakt har lange tradisjonar på skihytta til T.I.L., og i år vart tradisjonane båret vidare, sjølv om det var lite vilt å sjå. Terje nordvik, som er jaktsjef og ildsjel for arrangementet fortel at jaktresultatet aldri har vore så dårleg som i år.
Les heile saka
Sist laurdag arrangerte Indre Nordmøre Forsvarsforening historisk vandring i Surnadal. Det er enno mange spor etter krigen i Skei-området og på Øye, og det er stor interesse blant folk for å tilegne seg kunnskap om kva som skjedde under krigen fra 1940-1945. Sjølv om vêret ikkje var det beste så møtte det opp rundt 70 deltakarar som var med på infomøtet på Surnadal vidaregåande skule og på omvisning i området rundt.
Les heile saka
I morgon er det eit spennande lokaloppgjør i klassen gutter 11 år på Bordholmen. Da møter KUST-Surnadal 1 til spennande oppgjør kl 1800. KUST er samarbeid mellom Todalen, Søya og Kvass/Ulvungen.
Les heile saka
Søndag 15.september var det avslutning for J/G 7, 8 og 9. I år drog vi til Surnadal for å markere at sesongen var over. Først var det pizza på Napoli for alle spelarar, søsken og foreldre. Totalt 32 var med på sesongavslutninga med høg stemning. Etter at vi var blitt gode og mette tok vi […]
Les heile saka
I helga har det vore Nordvestmeisterskap i Taekwon-do i Molde. Her deltok det mange frå Taekwon-do-klubben i Surnadal, og innsatsen og medaljefangsten vart kjøle bra fortel Kjell Gunnar Polden. Dei kom heim både med gull, sølv og bronse og var godt fornøgde med turen.
Les heile saka
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 16. september. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut og gå!
Les heile saka
Surnadal Kunstforening inviterer kvar haust til ei juryert utstilling, «Ved LAUVFALL» – altså når hausten er her og blada fell. Haustens utstilling har stor breidde og mangfald i kunstnariske uttrykk og forskjellige teknikkar – ei spennande og fin utstilling!
Les heile saka
Idrettslaget Søya melder at det er familiedag på Søysetøran søndag 15. september frå kl. 11.00. Det blir spennande natursti i barnevogn-venleg terreng. Varme grillar for medbrakt grill-/bål-mat. Det blir spandert bålkaffe på dei vaksne og litt godis til ungane. Premie til dei som deltek på naturstien.
Les heile saka
Styret i Surnadal GK innkaller til ekstraordinært årsmøte mandag 16. september. På dagsorden står lokalisering av golfsimulatoren (Surnadal GK har overtatt aksjene i Golfsimulator Surnadal AS), samt neste års medlemskontingent.
Les heile saka
«Downton Abbey» held fram der fjernsynsserien sluttar – og dei to andre filmane denne helga har også ei historie dei spinn vidare på.
Les heile saka
Surnadal kunstforening melder at det blir opning av kunstutstillinga «Lauvfall 2019» laurdag 14. september kl. 13.00 i Surnadal Kulturhus, Galleri Finstuå.
Les heile saka