Surnadal kommune melder om stenging av vegen frå Bruset og ned forbi Hjellen i ettermiddag og utover kveldinga.
Les heile saka
Surnadal kommune melder om stenging av vegen frå Bruset og ned forbi Hjellen i ettermiddag og utover kveldinga.
Les heile sakaTodalen sokneråd inviterer til jubileumsfest saman med årets 50-årsjubilantar, laurdag 12. oktober kl 18.00. Det er konfirmantane frå 1969 som er årets jubilantar, og dei var 6 i talet som vart konfirmert av Karl Jakobsen som var sokneprest i Stangvik den gongen.
Les heile sakaSiste dagen i september kom med høljeregn, sludd og snøelingar, og av til litt opphaldsver. Gradstokken viste berre tre – fire varmegrader, men Kløvertur vart det. Turen gjekk i Halagrenda, frå Halabakkå og inn til Halaneset.
Les heile sakaDen tradisjonelle TV-aksjonen blir i år arrangert søndag 20. oktober. Inntekta frå aksjonen skal skape eit betre liv for kvinner i nokre av verdas mest sårbare områder. TV aksjonen skal gi flere hundre tusen kvinner moglegheit til å tjene sine eigne pengar, bestemme over eigen kropp og få si stemme høyrt. Vil du bli med og hjelpe til kan du enkelt og greit melde deg på her, eller ringe oss på Servicetorget i kommunen.
Les heile sakaTorsdag 3. oktober går stavgangturen til Todalen og Tjønnmyran, med start kl 11.00. Parkering like ved gapahuken og turgang langs lysløypa. – Etter endt vandring er det fint å sitte under tak, ved langbordet, med brødskiva og kaffekoppen. Dette er nest siste tur før vi avslutter sesongen, og arrangøren håper som vanlig på godt vær og godt oppmøte. Alle er velkomne til å bli med på tur!
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 30. september. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut og gå!
Les heile sakaDet var laurdag føremiddag ei sykkelulykke i Rabban på Nordvik. Ambulanse var på staden og situasjonen var raskt under kontroll. Billistane vart oppfordra om være forsiktig og sette ned farten slik at det ikkje skulle oppstå farlege situasjonar. No går trafikken som normalt.
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 28. september frå kl. 13:00 til 16:00. Alle er velkomne!
Les heile sakaEi gruppe frå Tingvoll Vidaregåande Skole har denne veka kunna nyte finvêret i Todalsfjella. Nærare bestemt er det elevane i uthaldenhetsgruppa på idrettsfag som har vore på hausttur til Kårvatn, og som mellom anna har drive litt småviltjakt til variasjon frå anna trening.
Les heile sakaEndelig en fin turdag med mange blide deltagere og nydelig vær. Elever fra Surnadal videregående skole var med på tur. Vi tok veien rundt Bettenneset. En tur med nye opplevelser for flere av deltagerne, – en flott tur.
Les heile sakaBortsett frå ein pause i ferietida har Ski- og friidrettsgruppa arrangert lagseriestemne gjennom heile sommaren. Torsdag kveld var det tid for å avslutte utesesongen og da var det naturleg å samle heile gjengen på Tjønnmyran og satse på litt sosiale aktivitetar og litt kos den siste kvelden. Men først var det terrengløp, og her var det full innsats rundt til lille traseen, med start og målgang ved gapahuken.
Les heile sakaNår Teigan Maskin kjem for å montere vegstikker langs fylkesvegane i bygda, da er det haust i emning. I år som i fjor er det iallfall Rolf Ove Røv frå Teigan Maskin har fått jobben med å sette ned vegstikker. Og det gjorde han effektivt – det var ikkje mange minutta han bruka frå Kvennset og nedover til Todalsøra.
Les heile saka