Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skikkeleg pådrift for turstiprosjektet

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. januar 2020

Dei siste par månadene har prosjektet Toåa tursti kome i skuggen av julefeiringa, men no blir det full rulle utover våren, fortel Elinor Bolme som er ein av initiativtakarane for prosjektet. Laurdag var det dugnad, der skogrydding stod på dagsorden. Rundt 20 deltakarar på dugnad denne laurdag føremiddagen er heilt storarta, seier Nils Ove Bruset som er leiar i Todalen I.L. som står attafor prosjektet som største bidragsytar.

Les heile saka

Årets bilete 2019

Mari B. Redalen Laurdag 18. januar 2020

Tida er komen for årets bilete. Under finn du alle dei som vant månadens bilete ifjor, og dermed er med i kåringa for årets bilete 2019. Hjelp oss og stem fram ein vinnar, kva du legg i din stemme er opp til deg. Vi stenger avstemminga søndag 19 januar kl 19.00.Vinnaren blir annonsert på vårt årsmøte som vi pleier å avholde på mars. 

Les heile saka


Lars Olav følgjer i jervens fotspor

Jon Olav Ørsal Fredag 17. januar 2020

Lars Olav Lund er Naturoppsynets jervekspert og følgjer bokstaveleg talt i jervens fotspor. Det gjer han også etter at ein lisensjeger i Todalen felt ein ung hanjerv – nr 2 av 3 jervar som kan fellast i området som ligg utafor yngleområdet. Da må Lars Olav kontrollere at alt har gått rett føre seg og registrer ein masse data både på den felt jerven og på lisensjegeren. Jervejakt går nemleg ikkje på måfå, og før jakta startar må lisensjegeren sjekke «jervtelefonen» om det er ledige dyr att, og etter at jerven er felt må den meldes inn i systemet.

Les heile saka

Jerv skutt på åtejakt

Jon Olav Ørsal Fredag 17. januar 2020

Fylkesmannen bekrefter overfor Tidens Krav at en jerv ble skutt på åtejakt i Todalen torsdag kveld. Fylkesmannen har bedt jegeren kontakte Statens Naturoppsyn for å få jerven besiktiget og jakta godkjent. Jerven er felt under det som er lisensjakt på fem jerv i Møre og Romsdal denne jaktsesongen. Tre av dyrene kan felles innenfor det prioriterte jerveområdet som defineres som Snøhettaområdet, Sunndalsfjella og Reinheimen, skriv Driva.no.

Les heile saka

Eigedomen Sissihaug kjem snart for sal

Jon Olav Ørsal Fredag 17. januar 2020

Det er slett ikkje kvar dag at det er bustadhus til sals i Todalen. No er imidlertid tida inne, og snart kjem Sissihaug (Gardsnr. 137 bruksnr 36) på sal. Huset er bygd i 1971, og ligg i Kvennsetøran bustadfelt på ei 1200 m2 stor tomt med adresse Myrjarvegen 1.

Les heile saka

Dugnad i turstien

Elinor Bolme Torsdag 16. januar 2020

Førstkommende laurdag kl 10 og utover blir det ryddedugnad i Toåa tursti. Siste etappe er no i oppstartsfasen og litt rydding i området bak gapahuken i Gunnøya må til før entreprenør Per Gjeldnes kjem for å planere stien fra Båthølen og nedover. 

Les heile saka

Surnadal Sparebank inviterer til næringslivsdag med spennande program

Dordi Jorunn Halle Torsdag 16. januar 2020

«Dette er ein viktig og spennande dag for banken vår; – årets happening!» – slik omtalar banksjef Allan Troelsen næringslivsdagen som Surnadal Sparebank arrangerer for 17 gong torsdag 5. mars i Surnadal kulturhus. «Vi arrangerer dagen med ønske om at dagen skal vera til inspirasjon og glede for lokalsamfunnet.» Programmet viser at det blir ein dag med allsidig program med fokus på grønt skifte og berekraft.

Les heile saka

Fredrikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Onsdag 15. januar 2020

Todalen sanitetsforening inviterer til årets første strikkekaffe i Sanitetshuset førstkomande laurdag, 18. januar kl. 1300 – 16.00. Alle er velkomne!

Les heile saka

Pensjonistlaget: Medlemsmøte med interessant kåsere

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. januar 2020

Surnadal Pensjonistlag skal ha medlemsmøte på sjukeheimen tirsdag 21.1. kl 1500. Det blir song og musikk, kåseri ved Svein Sæter, servering og loddsalg og triveleg samvær! Svein Sæter fortel for pensjonistlaget: Ottar overlevde alt – bla om og les kva Svein Sæter skriv om kåseriet….

Les heile saka

Ekstremvêret «Didrik» var berre ein flopp

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. januar 2020

Det har vore stor fokus på ekstremvêret «Didrik» dei siste par dagane, og det vart spådd store øydeleggingar langs kystlinja – verst skulle det bli sør for Stadt, men også kraftig springflo i Møre og Romsdal. No er ekstremvêret over, før det har begynt her i bygda iallfall – springflo har det rett nok vore, men ikkje av den øydeleggjande sorten med store bølger i tillegg til høg flo. At det ble mindre ekstremt enn venta, har sin årsak i eit lågtrykk som kom nokre timar for tidleg.

Les heile saka

Triveleg kaffeslaberas på mårgåskvisten

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. januar 2020

Spontan invitasjon på Todalen.no og uhøgtideleg morgonkaffe, eller kaffeslaberas om du heller vil. Møtestaden var Skulstuå, og på det meste var vi 10-12 personar rundt langbordet. Enkel traktering, der brødboksane og kaffekanna vart sendt rundt – og skravla gjekk i eitt og latteren satt lett. Triveleg selskap og all honnør til dei som tok initiativet og arrangerte morgonkaffe eller kanskje vi skal kalle det popup-cafe.

Les heile saka