Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ekstremvêret «Didrik» var berre ein flopp

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. januar 2020

Det har vore stor fokus på ekstremvêret «Didrik» dei siste par dagane, og det vart spådd store øydeleggingar langs kystlinja – verst skulle det bli sør for Stadt, men også kraftig springflo i Møre og Romsdal.  No er ekstremvêret over, før det har begynt her i bygda iallfall – springflo har det rett nok vore, men ikkje av den øydeleggjande sorten med store bølger i tillegg til høg flo. At det ble mindre ekstremt enn venta, har sin årsak i eit lågtrykk som kom nokre timar for tidleg.

Vi tok ein runde i ettermiddag – kl. 14:21 skulle springfloa være på topp.  I båthamna på Kvennset var det såpass høg flo at det var motbakke etter landgangen ut på flytebrygga, men ingen ting hadde gått på skeis.  Mellom Talgøfabrikken og båthamna var det også eit stort hav, og på lagerområdet ved fabrikken var det på det meste rundt 40 cm vatn over asfalten.

På vår runde var vi innom Bordholmen, Todalsøra og Ansnessaga for å sjå på tilhøva.  Har laga ein liten bildekavalkade frå stormfloa og korleis det har vore her i Todalen. Derfor ble ekstremværet «Didrik» mindre ekstremt enn ventet
Nå er ekstremværet «Didrik» over. At det ble mindre ekstremt enn ventet, skyldes et lavtrykk som kom noen timer for tidlig.

Publisert: 15. januar 2020, 15:45