Todalen sanitetsforening inviterer til årets første strikkekaffe i Sanitetshuset førstkomande laurdag, 18. januar kl. 1300 – 16.00. Alle er velkomne!
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til årets første strikkekaffe i Sanitetshuset førstkomande laurdag, 18. januar kl. 1300 – 16.00. Alle er velkomne!
Les heile sakaSurnadal Pensjonistlag skal ha medlemsmøte på sjukeheimen tirsdag 21.1. kl 1500. Det blir song og musikk, kåseri ved Svein Sæter, servering og loddsalg og triveleg samvær! Svein Sæter fortel for pensjonistlaget: Ottar overlevde alt – bla om og les kva Svein Sæter skriv om kåseriet….
Les heile sakaDet har vore stor fokus på ekstremvêret «Didrik» dei siste par dagane, og det vart spådd store øydeleggingar langs kystlinja – verst skulle det bli sør for Stadt, men også kraftig springflo i Møre og Romsdal. No er ekstremvêret over, før det har begynt her i bygda iallfall – springflo har det rett nok vore, men ikkje av den øydeleggjande sorten med store bølger i tillegg til høg flo. At det ble mindre ekstremt enn venta, har sin årsak i eit lågtrykk som kom nokre timar for tidleg.
Les heile sakaSpontan invitasjon på Todalen.no og uhøgtideleg morgonkaffe, eller kaffeslaberas om du heller vil. Møtestaden var Skulstuå, og på det meste var vi 10-12 personar rundt langbordet. Enkel traktering, der brødboksane og kaffekanna vart sendt rundt – og skravla gjekk i eitt og latteren satt lett. Triveleg selskap og all honnør til dei som tok initiativet og arrangerte morgonkaffe eller kanskje vi skal kalle det popup-cafe.
Les heile sakaSurnadal kino ryddar unna det meste av juleprogrammet og har nye premierar fredag – og det på to høgst ulike filmar. Den eine, BAD BOYS FOR LIFE, er truleg den siste actionkomedien i «Bad Boys-serien» med Will Smith og Martin Lawrence. Marcus (Lawrence) vil pensjonere seg, men må ta eit siste oppdrag da Mike (Smith) er utsett for livsfare. Aldersgrense: 15 år.
Les heile sakaFrank Spoon Botten og hans band Spoonman er ferdige i studio, og er klare for premieren som skal være i Surnadal kulturhus fredag 6. mars. Frank kjenner vi som lydmann både Todalshytta og i ungdomshuset, og no har han altså laga eit album heime i sitt Dreamfarm studio på Øyamoen i Surnadal – i lag med sine kompisar.
Les heile sakaDet meldes om fine skiforhold på Tjønnmyra. Ein skulle kanskje tru at det er bortimot bart, men set er det ikkje kan skigruppegeneral Gunnar Nordvik melde. -Det er harde fine spor med nysnø i, så folk må berre ta med seg skia og komme seg ut i bevegelse oppfordrar han.
Les heile sakaOpplæring i kampsport var ei kjærkoma avveksling for borna i gymsalen i kveld. Det var Anders Braaten Raaen som var instruktør, og denne kvelden vart det køyrt eit opplegg som var tilpassa alle alderstrinn. Dette var tydeleg vis noko som var populært og det det var mesta fulltallig deltaking på kveldens arrangement. Og jammen såg […]
Les heile sakaVenner av Skulstuå inviterer bygdafolket til ein kaffekopp onsdag morgon klokka 8.30. Det skjer naturleg vis i Skulstuå, og er ei fin anledning til å treffe kjentfolk i triveleg lag.
Les heile sakaI morgon blir det ikkje tradisjonell balleik melder Todalen IL. Da blir det i staden introduksjon av kampsport. Todalen er så heldig å ha fagfolk på dette fagområdet også i mangeårig kampsporttrenar Anders Braaten Raaen
Les heile sakaDet uvanleg milde vintervêret med mykje regn har gjort at all snø og is er borte i gammelvegen der Svinvikrunden går. Etter trimboka å dømme var det mange som nytta høvet til ein barmarkstur på laurdag, og dersom vêrmeldinga på yr.no treffer på så blir det mildvêr i komande veke. Dermed kan vi anbefale å ta turen til fots!
Les heile sakaEin hårfin seier med 7 stemmer over andreplassen vant Erling Myrbostad med Vinterlys. Vi tek kontakt for å levere deg premie No så dagane blir lengre og sola snart kryp nedover mot bygda, håpar vi du sitt klar med kamera for å knipsa bilete. Vi sett iallefall klar til å tak imot bidrag, gamle som nye.
Les heile saka