Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skikkeleg framdrift på Toåa tursti

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. mai 2020

Toåa tursti er i rute for opning i midten av juni. I dag vart betongarbeidet for fiskerampe og gapahuken gjort unna – dermed er det klart for bygging av gapahuken, og det skjer etter plana i helga.  Toåa tursti er eit millionprosjekt, med opparbeidd tursti frå Bønnavollan og nedover til Halsabrua. 

Gapahuk frå Talgø MøreTre skal gje ly for vêr og vind ved behov. Illustrasjonsfoto frå Talgø

Strkninga frå Bønnavollan og nedover til Båthølen har turstistandar for ferdsel for bevegingshemma – 2 m brei med knusagrusdekke. I Båthølen er det lagt opp til eit aktivitetsområde der det skal byggast ein fiskerrampe og ein gapahuk.  I dag var det støypt plate/fundment for både gapahuken og fiskerampen.  I løpet av langhelga er det plana at gapahuken skal settast opp – dette er bygd i royalimpregnerte element frå Talgø MøreTre i Todalen.

Det meste av turstien er no opparbeidd, men det står att litt finpuss og grusing. Dette arbeidet er entreprenøren Gjeldnes Maskin er i gang med, og dermed ligg det an til å ta i bruk anlegget i midten av juni da det er plana at opninga skal markerast. Heile prosjektet kostar rundt ein million, og har fått offentleg støtte med tippemidler, midler frå Olav Thons stiftelse, Surnadal JFF, Norske 4H og bidrag frå bl.a. Talgø.

Her blir sålen til gapahuken støypt

Her sørger Carsten Bohle og Ola Røe for at plata blir rett. Foto: Jon Olav Ørsal

Ola Røe, Anders Magne Snekvik (Surnadal betong) og Ragnar Halle

Her fylles det på med betong til plata for fiskerampen. Ragnar Halle, Ola Røe, Carsten Bohle og Anders Magne Snekvik

 

Publisert: 20. mai 2020, 15:25