Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Pass deg for hjorten – unngå påkjørsel

Jon Olav Ørsal Måndag 18. mai 2020

Ein tur rundt bygda vart den reinaste hjortesafari på Ørsalhøgda.  Hjorten var glohersk på nygrøa og tok lite hensyn til biltrafikken, så vi forstår godt at det lett skjer påkjørslar denne årstida.

Eit tjuetals dyr i denne flokken – dei sprang ikkje langt fordi om vi stoppa for å fotografere litt. Litt dårleg fotolys og vanskeleg å få gode bilder uten bruk av stativ. Foto: Jon Olav Ørsal

 Det var både bukkar, koller og kalvar i den flokken vi observerte som var eit tjuetals dyr. – Bukkane har fått nye pelskledde gevir som no veks fort ut etter fellinga tidlegare på våren.  Elles var det mange kalvdigre koller som snart skal trekke seg attende for å føde årets kalv. 

Bukkar med bastkledde gevir som gassar seg på nygrøå. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 18. mai 2020, 21:40