Neste veke blir det meir «kvardagsdata» i Skulstuå, melder Anders Talgø, som er primus motor for opplegget. Neste veke blir det og på onsdag – og delt i to økter – føremiddagsøkta for iPad og kveldsøkta for PC-brukarar. Merk deg at du kan kome og bli med sjølv om du ikkje har vore med på dei første arrangementa.
Les heile saka
Gaupefamilie på besøk i Todalen
Det var Ola Kvendset som oppdaga spora etter gaupefamilen i skogkanten rett ovafor heimgarden på Kvennset. Ola tok kontakt med lars Olav Lund hos SNO (naturoppsynet for Trollheimen). No på tampen av dagen spora dei gaupefamilien frå Kvennset og oppover til Husby. Det er spor etter tre dyr – morgaupa og to ungar.
Les heile saka
Eit tidleg vårteikn frå Sanitetskvinnene
For mange er nok fastelavnriset eit symbol for Sanitetskvinnene. NKS har tradisjon heilt attende til 1946 for å selge bjørkeris som er pynta med fargerike fjær, og det er nok ein flott tradisjon som folk sett stor pris på. Fastelavnsriset har nok ein mykje lenger tradisjon enn dette, men det var altså i 1946 at NKS fikk ideen til å markere fastelavn på denne måten og dermed skaffe seg ei inntektskjelde. Fredag og laurdag har Todalen vore på banen med årets bjørkeris utafor Matkroken i Todalen.
Les heile saka
Treningsøkt – inpirert av Vegard frå landslaget
SkiMo youthcamp Nordmøre er i gang, og startskotet gikk på Kårvatn på tampen av fredagen. Nokre av deltakarane på ungdomscampen starta randohelga på Kårvatn, og stakk til fjells på treningstur på slutten av lysdagen. Dette er starten på ei heil helg med randonee – trening fredag på Kårvatn og laurdag i alpinbakken i Surnadal, og konkurranse i Settemsdalen søndag. Vegard Øie som er på randolandslaget kjem for delta på treninga og for å være inspirasjonskjelde for de unge randoløparane, seier Gudmund Kårvatn i Trollheimen Fjellsportklubb.
Les heile sakaOpen svømmehall i vinterferien
I vinterferien blir det open svømmehall, melder Surnadal kommune på sine facebook-sider. Det vil seie at svømmehallen er open 18. – 20. februar – tysdag, onsdag og torsdag som vist nedafor:
Les heile saka
Gastromat – elska og sakna, men er no på plass igjen!
No er krydderblanding Gastromat på plass i butikkane igjen. Det vart ramaskrik i fjor vinter da spesialmaskina som lagar den populære krydderblandinga havarerte. Det viste seg at det tok mesta eit år å få laga ei ny maskin, og i mellomtida har hylleplassen stått tom for Gastromat i butikkane.
Les heile saka
Bur seg på skogdag på Eiksentret
Onsdag 19. februar arrangerer Eiksentret skogdag, der dei inviterer skoginteresserte til å kome for å sjå og prøve skogsutstyr til alle slags skogsdrift. Intensjonen er at folk skal få litt fagleg påfyll og ikkje minst at dei skal få høve til å treffe andre «likesinna» som kanskje kan by på både erfaring og kunnskap.
Les heile saka
Reint drikkevatn – kokepåbudet er forlengst oppheva!
Husby og Halle vasslag informerte seint i går kveld om påbud om koking av drikkevatn frå vassanlegget i Lauvåa. Det er langt i frå noko dramatisk som har skjedd, men Svorka energi hadde seint i går kveld havari på ein transformator ved Husby. Dermed var Husbygrenda utan straum og straumbrotet stoppa UV-anlegget brønnhuset.
Les heile saka
Kallar inn til årsmøte i Todalen Idrettslag – UTSETT PÅ UBESTEMT TID
Todalen idrettslag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus tysdag 31. mars 2020 kl 19:00 – med vanlege årsmøtesaker på agendaen. Endeleg sakliste med tilhøyrande dokument vil bli offenleggjort ei veke før årsmøtet.
Les heile saka
Inviterer til fellesskapskveld i kyrkjelydshuset på Skei
Kyrkja i Surnadal inviterer til fellesskapskveld i Kyrkjelydshuset, 1. etg., torsdag 20. februar i tidsrommet 19.00 – 20.30.
Les heile saka
Få problemer med Elsa på indre
Det var nok knytt litt spenning til ekstremvêret Elsa i natt og i dag. Etter meldingane skulle stormfloa være på sitt høgste kl 12.32 på tysdag. Det var ho nok også, men i det stille og fine vêret gikk det veldig fint for seg. Vi var ute med kamera, og har knipsa fleire bilder rundt […]
Les heile saka
SkiMo youthcamp Nordmøre – blir du med, eller?
Endeleg er det klart for ungdomscamp igjen! For deg mellom 12 og 23 år som har lyst til å prøve, eller vil utvikle deg vidare innan Randonéesporten. – Vi har vore så heldige å få Vegard Øie frå Randonéelandslaget som instruktør denne helga. Han kjem direkte hit frå verdenscuprenn i Tyskland, fortel Gudmund Kårvatn til Todalen.no
Les heile saka