Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ønsker liv i Dalalia

Elinor Bolme Tysdag 8. januar 2019

Siste helga i februar blir det også i år arrangert randonne renn på Kårvatn. I den forbindelse inviterer Todalen IL til eit lite idemyldringsmøte for å få til ein familiedag under laurdagens renn. Ragnar Halle er pådrivar denne gongen, men behøver fleire til å hjelpe til, fortel han. -Her har vi mulegheit til å lage […]

Les heile saka

Todalen sanitetsforening klar for nytt arbeidsår.

Dordi Jorunn Halle Måndag 7. januar 2019

No er det tid for nytt sanitetsår – det blir medlemsmøte tysdag 8. januar kl. 18.30 i Sanitetshuset. Her er medlemer og andre interesserte velkomne! Alle, både i Todalen og i nabobygdene, er velkomne til å møte opp for å bli kjent med sanitetsforeninga og arbeidet i laget; det er heilt uforpliktande.

Les heile saka

Vel møtt til nytt bibliotekår!

Dordi Jorunn Halle Sundag 6. januar 2019

Bibliotekar Karen Johanne Talgø melder at første kveld med ope bibliotek i 2019 er måndag 7. januar. Opningstida er som vanleg, altså frå kl. 18.00 til 20.00.

Les heile saka

Vasslause i Bjøråa vassverk

Elinor Bolme Sundag 6. januar 2019

I dag er det dessverre abonnentane ved Bjøråa vassverk som er utan vatn melder vakthavende  ved Surnadal kommune; Tor Arne Moen. Han fortel at trafoen i Falla er årsaka. Denne må skiftast av Svorka og dette blir ikkje i orden før utover kvelden.  Som ei mellomløysing kjem derfor kommunen og kobler til eit nødaggregat slik […]

Les heile saka

Bli kjent med randonne!

Elinor Bolme Laurdag 5. januar 2019

Onsdag kveld inviterer Todalen Idrettslag til randokveld i Sæterlia, i samarbeid med Surnadal Alpinsenter AS. -Endeleg, så blir det eit opplegg for dei som vil læra meir om randndonne også her i dalføret, fortel Gudmund Kårvatn.

Les heile saka

TrondheimSolistene spelar Sommerro i kulturhuset

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. januar 2019

Det er berre å ringe rundt 11. januar i kalenderen og skrive «NB! Nyttårskonserten kl. 1900» inni sirkelen. Det har vore full sal på dei årlege nyttårskonsertane med TrondheimSolistene i Surnadal kulturhus. – Denne gongen blir sikkert ikkje noko unnatak, også av di at TrondheimSolistene har ein «lokal» komposisjon av Henning Sommerro på speleplana.

Les heile saka


Fyll opp kalenderen vår!

Elinor Bolme Fredag 4. januar 2019

Nytt år og nye aktivitetar er under planlegging. Det betyr forhåpentleg vis at aktivitetskalenderen her på todalen.no skal fyllast opp med små og store arrangement det kommande året. For at alle skal få best muleg informasjon om kva som skjer i bygda oppfordrar vi derfor at lag og organisasjonar og eventuelt andre sender oss ein e-post med litt info om kva som skal skje i løpet av året. 

Les heile saka


The Brørs: «Pappapop»-slepp

Steinar Hasselø Onsdag 2. januar 2019

Sigurd Brørs og einmannsbandet The Brørs har teke eigarskap til den nye sjangernemninga «pappapop»! Denne perla av eit ord er nemleg tittelen på den ferske plata som skal feirast på Surnadal kulturhus laurdag 5. januar kl. 1900.

Les heile saka

Patt, remis og sjakk matt

Elinor Bolme Tysdag 1. januar 2019

Mange var kanskje klistra framfor TV-skjermane i romjula, medan Magnus Carlsen briljerte under årets sjakk VM i Russland. Og det hadde kanskje ringverkningar når det i dag måtte utsettast ekstra bord for at alle skulle få spele under sjakkøkta på Matkroken.

Les heile saka

Vangsgutane sin utgivar Fonna Forlag til salgs

Elinor Bolme Tysdag 1. januar 2019

Det skriv Trollheimsporten på sine heimesider no i dag. Dei har vore i kontakt med Arnt Årnes som eig majoritetane av aksjeane som blant anna har gitt ut juleheftet Vangsgutane med hendingar frå Todalen sidan 1983.

Les heile saka