Grunna vedlikehald i Svinviktunellen er det i kveldstimene onsdag kveld manuell dirigering på begge sider fram til ca 23. Karane i Mesta oppfordrar til roleg kjøring rund arbeidsstaden.

Grunna vedlikehald i Svinviktunellen er det i kveldstimene onsdag kveld manuell dirigering på begge sider fram til ca 23. Karane i Mesta oppfordrar til roleg kjøring rund arbeidsstaden.
Det er no køyrt opp skuterspor opp Øyalia til Snekkardalshalsen, og vidare til Skihytta på Ørsalfjellet, melder TILs skuterkomitee. Dei rapporterer at det er mykje snø på fjellet, og oppfordrar folk til å vise stor respekt for rasfaren i fjellet.
Les heile sakaEiny Rendal Elgsæther er framleis utan førarkort. – Det er no godt og vel eit halvt år sia ho mista førarkortet og fikk 8.000 kroner i bot etter ei utforkøyring og no vekkjer saka litt oppstuss i media. I dag er det eit oppslag i Adresseavisa, både i papirutgåva og på nettutgåva adressa.no, der Einy har skrive eit lesarinnlegg. Einy trudde det nærast var automatikk i å få det att etter at «straffa var sona», men no er det gått ti dagar over tida og ho «sonar» no på overtid…
Les heile sakaMåndag 17. februar skein sola, gradstokken viste 12 varmegrader og det var lite vind, mest som ein fin vårdag. Vegen var berr og tørr, og det vart ein retteleg fin og triveleg Kløvertur utover Stranda.
Les heile sakaSkiMo youthcamp Nordmøre er vel i hamn og kan glede seg over eit vellukka arrangement, som starta på Kårvatn fredag kveld og fortsette i Sæterlia på laurdag og vart avslutta med konkurranse i settemsdalen på Søndag. Det var Trollheimen Fjellsportklubb som var arrangør og arrangementet famna både den eldre og yngre garde – og da spesielt dei yngre med tanke på rekruttering til randoneesporten.
Les heile sakaDen siste veka har det pågått tømmerdrift i nedre del av Øyalia. Det er Solli Skog som jobbar der, og dei stiller med både hogstmaskin og lastbærer så det går fort unna og drives effektivt. Det er eit felt med furuskog som no blir teke ut – rundt 8-900 m3 slik det ser ut no, fortel Ståle Ansnes som er skogeigar.
Les heile sakaSanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 17. februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl.11:00. Turen blir etter allmannvegen, enten utover Stranda eller oppover bygda.
Les heile sakaNeste veke blir det meir «kvardagsdata» i Skulstuå, melder Anders Talgø, som er primus motor for opplegget. Neste veke blir det og på onsdag – og delt i to økter – føremiddagsøkta for iPad og kveldsøkta for PC-brukarar. Merk deg at du kan kome og bli med sjølv om du ikkje har vore med på dei første arrangementa.
Les heile sakaDet var Ola Kvendset som oppdaga spora etter gaupefamilen i skogkanten rett ovafor heimgarden på Kvennset. Ola tok kontakt med lars Olav Lund hos SNO (naturoppsynet for Trollheimen). No på tampen av dagen spora dei gaupefamilien frå Kvennset og oppover til Husby. Det er spor etter tre dyr – morgaupa og to ungar.
Les heile sakaFor mange er nok fastelavnriset eit symbol for Sanitetskvinnene. NKS har tradisjon heilt attende til 1946 for å selge bjørkeris som er pynta med fargerike fjær, og det er nok ein flott tradisjon som folk sett stor pris på. Fastelavnsriset har nok ein mykje lenger tradisjon enn dette, men det var altså i 1946 at NKS fikk ideen til å markere fastelavn på denne måten og dermed skaffe seg ei inntektskjelde. Fredag og laurdag har Todalen vore på banen med årets bjørkeris utafor Matkroken i Todalen.
Les heile sakaSkiMo youthcamp Nordmøre er i gang, og startskotet gikk på Kårvatn på tampen av fredagen. Nokre av deltakarane på ungdomscampen starta randohelga på Kårvatn, og stakk til fjells på treningstur på slutten av lysdagen. Dette er starten på ei heil helg med randonee – trening fredag på Kårvatn og laurdag i alpinbakken i Surnadal, og konkurranse i Settemsdalen søndag. Vegard Øie som er på randolandslaget kjem for delta på treninga og for å være inspirasjonskjelde for de unge randoløparane, seier Gudmund Kårvatn i Trollheimen Fjellsportklubb.
Les heile saka