Det er framleis ikkje påvist smitte i Surnadal kommune. Gjennom vedtak i dag vidarefører kommuneoverlege Bjørn Buan i Surnadal kommune dei vedtaka som vart fatta 16. mars 2020, etter lov om smittevern. Vedtaket gjeld inntil 31. mars. Heile vedtaket finn ein under nyheiter og statusrapportar på kommunen sine korona-sider.
Les heile saka
Nils-Erik Ulset er ansatt som fagkonsulent i Møre og Romsdal idrettskrets. Dermed er det klart at Ulset skifter beite, etter å ha jobbet et par år hos Kårvatn Fjellutstyr i Todalen.
Les heile saka
Pga koronaviruset er nesten all aktivitet utsett eller avlyst, og det blir mindre å skrive om for todalen.no. I det høve vart skannarpatrulja spurt om vi kunne leggje ut bilete på nettsida ei stund framover. Vi har sett saman bilete av setrene/hyttene og folk i ulike motiv frå kvart leigmål
Les heile saka
Det er framleis ikkje påvist smitte av covid-19 i Surnadal kommune. Det er utført smittesporing mot annan kommune, men heldigvis med negativt resultat. Kommuneoverlegen opprettheld vedtak om karanteneplikt i 14 dagar for alle studentar som kjem heim til Surnadal.
Les heile saka
Etter initiativ fra varaordførar Hugo Pedersen vart det før helga nedsett ei beredskapsgruppe landbruk i Surnadal. Gruppa består av leiarane i Bondelag og Småbrukarlag og i saueavlslag, mjølkeprodusentlag, skogeigarlag osv. I tillegg er varaordførar og jordbrukssjef med og ikke minst avløysarlaget.
Les heile saka
Det er ei uverkeleg tid, der alt er snudd opp ned. Eg forstår at mange kan vere både usikre og redde, men det har vore ei utruleg mobilisering for at vi «skal stå han av», skriv ordførar Margrete Svinvik i eit leserinnlegg i dag.
Les heile saka
Svorka melder om at arbeid i breibandsnettet vil føre til brudd på TV- og breibandsleveransen i 20-30 minutt søndag frå kl 10:00 og utover. Selskapet beklager ulemper som dette medfører!
Myndigheita oppfordrar folk som er friske eller i karantene til å kome seg ut for å få frisk luft og mosjon. Det må imidlertid skje på ein trygg måte, der du held avstand til andre til minimum eit par meter. Våre bilder er frå Kårvatn i dag, der det eigentleg skulle vore full trøkk med Norgescup og greier
Les heile saka
Det er bestemt at alle kyrkjelege konfirmasjonar i kommunen blir utsette til over sommaren. Etter råd frå biskopen er det ikkje sett nye datoar for når det blir konfirmasjonsgudstenester i dei ulike sokna.
Les heile saka
Vi har fått dagens ferske statusrapport frå kommuneleiinga i Surnadal kommune. Førebels er det ingen smitte påvist i Surnadal kommune, men det tas høgde for at det kan kome og vi kan lese at kommuneoverlege Bjørn Buan vurderer smittesituasjonen fortløpande med tanke på justering av tiltak
Les heile saka
For 2-3 dagar sia vart ein grevling påkøyrt ved Drivhammaren. Grevlingen fekk nok ein skikkeleg smell og døde nok raskt. Etterpå har grevlingen ligget på «lit de parade» på vegkanten i fleire dagar – ingen har brydd seg med å ta kontakt med ansvarleg myndigheit for at dyret kunne bli fjerna.
Les heile saka
Eit skikkeleg vårteikn er det nok i seg sjølv at vi er komne fram til vårjamdøgn for 2020. Det betyr at det er det døgnet når natta og dagen er like lang – og det er den faktisk over heile verda. Vanlegvis er vårjamdøgn den 21. mars, men i år er det i dag den 20. mars og det nøyaktige tidspunktet er kl. 03:50 UTC.
Les heile saka