Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stas med Fredrikkekffe

Dordi Jorunn Halle Laurdag 7. mars 2020

Da Kvinnehelsedagen til Sanitetskvinnene vart avlyst, og det ikkje vart noko å vise på storskjerm i Ungdomshuset, vart det i staden strikkekaffe. Her var det godt oppmøte, og det vart som vanleg ein triveleg laurdagsettermiddag i Sanitetshuset.

Les heile saka

Krim med Chris Tvedt på biblioteket

Elinor Bolme Laurdag 7. mars 2020

Surnadal bibliotek inviterer alle til å kome og høre på krimforfattar Chris Tvedt torsdag 19. mars kl. 19. Tvedt har opparbeidd seg ein stor lesarskare med sine krimbøker, og vil snakke fritt rundt korleis ein krimforfattar arbeider med stoffet sitt.

Les heile saka


Ny tredemølle på plass på Hett & Svett

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. mars 2020

Todalen idrettslag har investert i ei ny tredemølle som vart montert på hett & Svett i dag.  Utstyret på i idrettslagets treningsstudio er flittig bruka, og ei av dei gamle tredemøllene må no byttes ut. Det har vore prove ei oppgradering med service, utan at det har lukkast.  No er altså den nye tredemølla på plass, og i dag har eit ekspertteam som har vore leia av Knut Bergli sørga for montering av den nye tredemølla.

Les heile saka

Fredrikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Fredag 6. mars 2020

Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 7. mars i tidsrommet kl. 13:00 – 16:00.  Alle er velkomne! Det blir servering av rundstykke med godt pålegg, kaffe og te. Utlodding blir det også!  VEL MØTT!

Les heile saka

Kvinnehelsedagen er AVLYST!

Dordi Jorunn Halle Fredag 6. mars 2020

Norske kvinners sanitetsforening melder at Kvinnehelsedagen  i Oslo er avlyst. Dermed blir også det planlagde arrangementet til Todalen sanitetsforening i  Ungdomshuset 7. mars kl 11.00 AVLYST.

Les heile saka


Stem på månadens bilete for februar.

Mari B. Redalen Fredag 6. mars 2020

Vi skriv andre mars og er klare med åtte gode kandidatar til vår kåring månadens bilete. Og vi treng di hjelp til å stemma fram vinnarbilete. Dagane er no merkbart lysare, og gir dermed godt fotolys.

Les heile saka

Tilskotsordningar i Surnadal – tidsfristar

Jon Olav Ørsal Fredag 6. mars 2020

Innafor kulturområdet er det mange forskjellige ting det går an å søke om tilskot til.  Surnadal kommune har laga ein oversikt over dei ymse søknadsfristane som gjeld, slik at det er oversiktleg og greit å orientere seg i for lag og organisasjonar.

Les heile saka

Rute 46: Kansellerte avgangar

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. mars 2020

Rute 46 Kvanne – Rykkjem:  Avgang frå Kvanne kl 23:25 og frå Rykkjem kl 23:35, samt avgang frå Kvanne kl 05:15 og frå Rykkjem kl 05:30 fredag morgon, vert innstilt grunna tekniske problem, melder Fjord1 torsdag kveld.


Næringslivsdag med solid og variert program

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. mars 2020

Surnadal Sparebanks næringslivsdag er vel i hamn, og må vel seiast å være ein suksess. Godt over 200 deltakarar var samla i Storstua da banksjef Allan Troelsen kunne ønskje velkomen til årets konferanse som er nr 19 i rekkja. Banksjefen kan i år legge fram tidenes beste resultat for banken, og gestikulerte litt med kva som skal til for å lykkes før han introduserte årets konferansier som var Marianne Meløy.

Les heile saka

Svinvik Gard fikk utviklingsprisen

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. mars 2020

Svinvik Gard – Kristina og Tore Svinvik – fikk årets utviklingspris som vart utdelt på Næringslivdagen som Surnadal Sparebank arrangerte torsdag. Godt over 200 deltakarar var samla til årets næringslivsdag i kulturhuset da ekteparet som saman har satsa på restaurantdrift heime på Svinvik Gard vart overraska med utviklingsprisen som består av diplom og gavesjekk på kr 30.000.

Les heile saka