I ut og orden er årsmøter og andre sammankomstar avlyst eller utsett på ubestemt tid. Årsmøtet i Todalen Idrettslag er heller ikkje nok unntak. Årsmøtet var tillyst 31. mars, men blir no utsett inntil vidare, melder leiar i laget, Nils Ove Bruset. Ny dato vil bli kunngjort seinare, fortel Bruset.
Les heile saka
Rute 46 Kvanne – Rykkjem: På grunn av transport av ADR-last er det redusert kapasitet i morgon, onsdag, på turen frå Rykkjem kl. 08:15.
På grunn av den spesielle situasjonen som har oppstått, vil nærbutikkane i Surnadal kommune starte med utkøyring av varer til folk som treng det. Det kan være folk som er i karantene eller som ønsker det av anna grunn, og gjeld altså Matkroken i Todalen, Matkroken i Bæverfjord og Bøfjord Samvirkelag. For den tenesta tek dei ein symbolsk sum av 50 kroner pr utkøyring – til dekning av kostnader med tenesta.
Les heile saka
I dag fekk eit «samla» pressekorps møte Surnadal kommuen sin nytilsette kommuneoverlege. Bjørn Buan starta i 50% stillinga på måndag, men har bistått administrasjonen litt i kulissene før den formelle arbeidsavtala kom i havn. -Han kjem fra samhandlingsenheita i Orkdalsregionen, og vi er veldig glad for at vi no har fått på plass ein så kompetent person i denne stillinga. Ei stilling som vi har mangla lenge, og som vi no fekk beskjed frå Fylkesmannen om å få på plass snarast, fortel ordførar Margrete Svinvik.
Les heile saka
Fra og med i går 16.mars vart det i ALTI Surnadal nye midlertidige åpningstider i kjøpesenteret. No er senteret åpent mellom 10-16 mandag-fredag og mellom 10-15 på laurdagar, med nokre få avvik hos somme av butikkane.
Les heile saka
Det er oppfordringa til Gudmund Kårvatn ved Kårvatn Fjellutstyr AS no gir til dei som vurderer å handle seg nytt skiutstyr til påske. -Vi er no førebudd på enda sterkare restriksjonar for å redusere smittefaren i forbindelse med COVID-19, og ser ikkje bort i fra at også fleire innan detaljhandelen må stenge butikkane over ein periode for å få has på dette viruset.
Les heile saka
Fra å med i morgon held Cafe Dan stengt, fortel dagleg Ingrid Pedersen til Todalen.no. -Vi vel å stenge før vi får pålegg om det da det er minimalt med folk ute no og ser ikkje vits å halde ope framover.
Les heile saka
Den nytilsette kommuneoverlegen Bjørn Buan i Surnadal kommune har i dag fatta sitt første vedtak som naturleg nok dreier seg om koronaviruset. På heimesida til Surnadal kommunen er dette vedtaket no i kveldinga lagt ut ny og gir oss oppdatert info om blant anna innreiserestriksjonar frå fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og Vestlandet.
Les heile saka
På Surnadal kommunes heimeside er det lagt ut ny og oppdatert informasjon i dag, måndag 16. mars. Det er informasjon om at kommunehuset er stengt frå måndag, og informasjon frå Heimetenesta i kommunen – om handtering av koronaberedskapen. Bla vidare for å lese om dette eller klikk på linken til kommunens heimeside med aktuell info
Les heile saka
Todalen sanitetsforening melder: Det blir ikkje fotpleie i Todalen 23. og 24. mars.
Les heile saka
Indre Nordmøre forsvarsforening avlyser årets «Skiskytingens Dag» på Gravvold i Bæverdalen laurdag 21. mars kl. 12 – 16.
Det tillyste song-/revymøtet med Henning Sommerro, Styrkår Brørs, Eivind Holte og Holger Skei på Surnadal kulturhus, onsdag 18.03.20, er avlyst.
Les heile saka