Todalen sokneråd melder i ein e-post om restriksjonar vedrørande bruk av hageredskap og vatn i samband med planting ved gravene på kyrkjegarden.
No når denne koronapandemien står på så blir det ikkje sett vatn på slangen på baksida av kyrkja.

Todalen sokneråd melder i ein e-post om restriksjonar vedrørande bruk av hageredskap og vatn i samband med planting ved gravene på kyrkjegarden.
No når denne koronapandemien står på så blir det ikkje sett vatn på slangen på baksida av kyrkja.
Slangesprening av husdyrgjødsel er kanskje ikkje heilt nytt, men det er iallfall ikkje vanleg enno. I dag var det rigging for utkjøring av husdyrgjødsel i Utigarden hos Olaug kvendset og Asgeir Longva, med slangar rundt heile eigedomen. Dei skal ut med 7-800 m3, og da kan du tenke deg kor mange lass det blir dersom ein kan kjøre 8-10 m3 pr lass. Med distribusjon gjennom slangar så vil ein oppnå ein kapasitet på rundt 200 m3 pr time.
Les heile sakaOver helga er det klart for forsiktig skulestart og SFO for 1. – 4. årstrinn. På en pressekonferanse på nettet vart den lokale pressa orientert om opplegget for skulestarten, og kommunalsjef Astrid Mogstad Høivik orienterte om opplegget. – Dette skal bli så bra som mulig, og vi samarbeidet godt med foreldre og elevar om opplegget og alle skulane i kommunen opnar igjen over helga.
Les heile sakaDet var snurparen Vestbris som gjorde eit tappert forsøk på få tak i ein stim med makrell på Nordvikfjorden i dag. Den gjorde fleire forsøk, men nota var tom og resultatet negativt. Vi får berre seie betre lukke neste gong.
Les heile sakaFinvêrsmeldingar over fleire dagar har inspirert Hageland og Byggmakker til trailersalg av hagemøbler og utstyr utafor butikken på Syltøran. Her kan du gjera godkjøp på litt av kvart, dersom du tek turen!
Les heile sakaFem av sju barnehageungar kunne i dag nyte våren og kvarandre sitt selskap i lag med dei tilsette ved Todalen barnehage. -Det er verkeleg godt å komme i gang igjen, konstaterer styrar Jorunn Nordvik og kollega Anita Brøske Nordvik. Det har vore ei rar tid, men no er vi klare for ein tilnærma normal kvardag igjen kunne dei fortelje.
Les heile sakaDenne veka ligg det an til rekord på Talgø MøreTres anlegg på Syltøran. Royalanlegget har gått for fullt i vinter for å kunne ha nok varer utover våren, som er den travlaste tida for royalprodukta frå Talgø MøreTre. Måndag var det toppdag på ekspedisjonen, og driftsplana stod lasting av 35 semitraller og vogntog i løpet av dagen – det stod nærast vogntog i kø for å få last på lasteplassen på Syltøran i dag.
Les heile sakaDet er ikkje påvist nye smittetilfelle I Surnadal. I morgon startar barnehagane opp og i neste veke er det elevar frå 1-4. trinn sin tur. Denne veka blir det lagt ned mykje planleggingsarbeid for å møte krava til smittevern i den kommande nasjonale veiledaren for skulane. Mange av smittevern-tiltaka vil naturleg nok vere som for […]
Les heile sakaNo er det tid for rydding på kyrkjegarden – snøen er forhåpentleg borte for i år, og da er det tid for å ta eit tak både i hagen og på kyrkjegarden. Det er mykje som kjem fram når snøen forsvinn, syng Gluntan, og det kan vaktmeistrane i kyrkja bekrefte.
Les heile sakaVi held fram med å sette saman bilete frå fotoarkivet til Todalen historielag. Vi har i tillegg supplert med nokre private bilete. Denne gongen har vi teke for oss bilete frå Brusetsetra med løer og hytter på Brusetleigmålet. Når det gjeld historia om setrene og seterlivet så viser vi til boka Seterbok for Todalen
Les heile sakaRett før helga kom anleggsmaskinene tilbake til Toåa Tursti etter ein pause i arbeidet sia i haust. Det betyr at siste etappe med å ferdigstille turstien no er i gang. Nokon har kanskje allerede fått det med seg, da det er mange som benyttar seg av turstien i all slags vêr.
Les heile sakaKomande tysdag opnar barnehagane igjen, og litt om litt vil nok samfunnet opne seg igjen dersom utviklinga fortsett på rett kurs. Fredag ettermiddag møtte representantar frå kriselleiinga i Surnadal komune pressa, for å orientere om at barnehagane i kommunen startar på i gjen tysdag 21. april. Det er ein dag seinare enn den nasjonale veiledaren gjev rom for – måndagen blir planleggjingsdag.
Les heile saka