Kriseleiinga hadde i dag sitt første møte i mai månad. -Situasjonen vi no befinn oss i er prega av mange omstillingsprosessar og er ikkje mindre krevjande å handtera, seier kommuneoverlege Bjørn Buan. Det er stor pågang frå bedrifter og arrangørar som ønskjer råd. Som kommuneoverlege er eg takknemleg over at aktørar tek kontakt og utviser ansvarlegheit. Ein evner å komme fram til akseptable løysingar i dei fleste tilfelle.
Les heile saka
Kulturhuset vil framleis vere stengt, men det vil, inntil vidare, bli vist film på onsdagar og søndagar. Og sia 17. mai er på søndag, blir det berre vist to filmar på onsdag denne veka.
Det vil berre bli muleg å kjøpe seg unummererte billettar over nett, og alle vil bli tilvist plass når kinosalen opnar.
Les heile saka
Måndag ettermiddag var det uvanleg aktivitet ved Brusetbrua; fleire karar, bilar og til og med ein stor gummibåt på ein hengar. Det viste seg å vera mannskap frå O. E. Hagen dykkerfirma frå Stryn.
Les heile saka
For snart tre månader sidan var det Kløvertur i vårver med 12 varmegrader og sol. I dag, 11. mai, vart det tur i snøeliingar med skosnø og vebju. Men heile 11 turdeltakarar tok turen oppover skogsvegane på Kvennsetliene!
Les heile saka
Vêrgudane spelar ikkje akkurat på lag med dei som no ønskjer seg fint vårvêr for å drive med meir vårlege aktivtetar som våronn og hagestell. Andre dagen på rad vaknar vi opp til nysnø, om ikkje akkurat skiføre. Den blaute nysnøen kjem nok bort like snart som den kom, dersom vi får eit solgløtt i løpet av dagen.
Les heile saka
No har vi komme til Romådalen på vår arkiv-visning. Vi deler Romådalen opp i tre bolkar for vi har så mange bilete i arkivet. I dag kan du gjera deg betre kjent med Ytre Setrene i Romådalen.
Les heile saka
Sanitetsforeninga i Todalen inviterer til Kløvertur måndag 11. mai. Oppmøte ved Hals/Matkorken og turstart kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
I dag, 9.mai, vart denne bilnøkkelen funne på Tjønnmyran i StikkUT!-runden. Nøkkelen blir lagt inn på Matkroken i Todalen og kan hentast der.
Les heile saka
For Svinviks arboret er det ingen tvil om at det er både eit spesielt år og ein spesiell vår. Koronakrisa «var på topp» akkurat da vi skulle booke bussturer til arboretet på etterjulsvinteren, fortel Maja Frønes som er dagleg leiar for Svinviks arboret. – Disse gruppereisene legg fundamentet både for besøkstala i hagen og for omsetninga i kafeteriaen. I staden for å planlegge ein offensiv vårsesong så vart arboretet stengt ned, sier Maja. No er det letta litt på restriksjonane, men dette vil nok prege drifta gjennom heile sesongen og framleis er gruppeturar med buss forbudt.
Les heile saka
Kristin Kårvatn vant månadens bilete med korona avstand målt i snømenn. Vi gratulerer og lovar at premie vil bli overlevert. Som alltid vil vi takke alle våre bidragsytarar for at dykk held oss med bilete.
Les heile saka
Todalsfan Andreas Belboe har sendt oss ein film fra Todalen 19. april. Han har filma med drone fra nedre del av bygda og sett saman ein to minutt lang filmsnutt. Kunne vore ein reklame for «Heimatt til Todalen» dette!
Les heile saka
I desse «koronatidene» har ein måtte planlegge merkedagane i mai utan det store publikum. Surnadal kommune har difor i år valt å filme markeringa av 8. mai.
Stig Cato Magnussen, områdesjef i Heimevernet, og kulturleiar Lilli Husby har derfor i dag lagt på krans ved dei tre bautane til minne om dei som mista livet da krigen braut ut i 1940.
Les heile saka