Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Støtte til kulturlivet

Steinar Hasselø Måndag 17. august 2020

Det finst fleire ordningar for å hente støtte til kulturlivet, også på hausten. Dei er gjerne meir «spissa», så ordningane passar ikkje for alle. Men her er i alle fall nokre: Frist 01.09: Frivillige lag og organisasjonar kan søkje om momskompensasjon frå Lotteri- og stiftelsestilsynet som skal fordele heile 1,685 milliardar kroner. Gå inn her og […]

Les heile saka

Skulestart for 100.gong ved Todalen skule

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 17. august 2020

I dag var det skulestart for 100. gong ved Todalen skule, vel og merke ved dagens skule som vart teken i bruk hausten 1920. Skuleåret 2020/21 er det 23 elevar ved Todalen skule, ein nedgang på 5 elevar i høve til siste skuleår. Edvard Halle starta som einaste elev i 1.årstrinn i år. Dette er første gong sidan 1987 at det er berre ein elev som startar sin skulegang i 1.årstrinn.

Les heile saka

Todalshytta – runda av ein hektisk sesong

Jon Olav Ørsal Sundag 16. august 2020

Etter ein knallgod sesong på Todalshytta er det tid for å runde av årets sommarsesong saman med laksefiskarane.  Det har vore ein heilt eventyrleg sesong, seier Arve Evensen som i sommar har drevet Todalshytta saman med sonen Stian. Dette vart nærast ein prøvesesong for oss, og vi tok sesongen på sparket.  Vi skreiv kontrakt med KNT om leie og drift av Todalshytta i slutten av april, og tok sjansen på at vi skulle få til dette som har vore draumen for oss i mange år. No er restauranten stengt, men vi har framleis ope for overnatting og begrenset servering, seier Arve Evensen.

Les heile saka


Inviterer til tur på Ranessetra

Jon Olav Ørsal Sundag 16. august 2020

Torsdag 20. august går turen til Ranessetra. Vi samles ved bommen, fyller bilene og kjører derfra til vanlig tid, kl 11, skriv Stavganggruppa i en epost. 

Les heile saka

Friidrett på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 16. august 2020

Barne- og ungdomsgruppa i Todalen I.L. melder at det blir friidrett på Bordholmen følgjande torsdagar framover:
                20. august kl. 17:30 – 18:30
                27. august kl. 17:30 – 18:30
                3. september kl. 17:30 – 18:30
                10. september kl. 17:30 – 18:30
                17. september kl. 17:30 – 18:30

Les heile saka


Taktekkjing og ferdigstilling av gapahuken

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. august 2020

I dag vart dugnadsgjengen samla for å legge torvtak på gapahuken på Tjønnmyra.  I samband med bygging a ny lysløype her vart det sett opp ein stor gapahuk, slik at det skulle være ein plass å kome under tak.  Gapahuken har mange fasilitetar og er nok medverkande årsak til at anlegget er så mykje bruka – både vinter og sommar. 

Les heile saka


Stangvikfjord på prøvetur i sambandet Kvanne – Rykkjem

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. august 2020

Nyferja Stangvikfjord la til kai på Kvanne i dag. Snart er ho klar for å ta fatt på oppgåva med å frakte folk og bilar over fjoren i sambandet Kvanne – Rykkjem.  Den opprinnelege plana var egentleg at den skulle settes i trafikk i løpet av våren, men som så mykje anna vart også nyferja forsinka av situasjonen som har oppstått i samband med koronaviruset. 

Les heile saka

3 kviger skremt på flukt – Oppdatert sak

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. august 2020

Ved Todalen Mjølk i Pestua saknar dei 3 kviger som på eit eller anna vis har rømt i løpet av natta.  Alt tyder på at dei har vore skikkeleg skremt av eit eller anna, for dei har forsert ei grind i full fart, fortel Anders A. Karlsen til Todalen.no.  No er dei på rømmen og vi har ikkje sett snurten av dei, sjølv om vi har vore ute og rekonosert rundt omkring i bygda.

Les heile saka

Fjellgruppa med tur til Storhaugen

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. august 2020

Tysdag 18.8. går turen for Fjellgruppa i pensjonistlaget til Storhaugen i Todalen. Vi parkerer attafor Todalshytta og går ein fin rundtur – start kl 11:00.  Ta med matpakke!
Turvertar er som vanleg Tor Asle, Brage og Kristian.  Alle er velkomne til å bli med på tur!