Det siste 10-åra har rovdyra stadig kome meir i fokus for beitenæringa. Spesielt har sauebøndene vore hard ramma, og er påført store tap. Enkelte år er det faktisk enkelt som har opplevd katastofale tap på rundt 30 prosent og kanskje meir. Her i Todalen er det mange som rett og slett har lagt ned sauedrifta på grunn av store tap og at det ikkje har vore muleg å sette inn tiltak for å løyse problema som jerven nok har fått det meste av skylda for – men gaupa er nok medskuldig.
Les heile saka
Tysdag ettermiddag var det konfirmantundervisning med filmopptak i Todalen kyrkje. Til vanleg har konfirmantane i Todalen og Stangvik sokn konfirmantundervisning kvar for seg, men denne gongen hadde dei felles undervisning. Bakgrunnen for dette var at det skulle gjerast filmopptak av ei «mini» gudsteneste der konfirmantane skulle delta. Gudstenesta kan du sjå frå klokka 11:00 søndag 21.februar. Vi vil her på Todalen.no legge ut link til gudstenesta klokka 10:45 søndag den 21.februar.
Les heile saka
Atter en gong har vi vore så heldige å få bilete og tekst frå scannerpatruljen i Todalen Historielag, denne gongen er det fleire bilete av bryllaup i bygda.
Les heile saka
Simen Søyset Johansen vant månedens bilete med Nordlysnatt. Vi gratulerer som månadens bilete vinnar for januar. Det er godt fotolys om dagane, og vi sett stor pris på nye bidrag.
Les heile saka
Om du høyrer kyrkjeklokkene i ettermiddag, så har dette si naturlege forklaring. Det skal i ettermiddag vere konfirmantundervisning for konfirmantane i Todalen og Stangvik. Samstundes skal det gjennomførast ei lukka gudsteneste som blir filma i si heilheit.
Les heile saka
I helga vart det funne eit par skihanskar i Dalalia ved Kårvatn. Dei vart funne i traseen etter den merka turistlina, rundt 300 meter frå parkeringsplassen til hyttefeltet ved plassen. Er det du som er eigaren, kan du ta kontakt med finnaren på telefon 99117516!
Surnadal kommune informerer om at fristen for å søke om barnehageplass for barnehageåret 2021/22 er 15.februar. Dette gjeld berre born som ikkje har barnehageplass i ein kommunal barnehage i dag. Har bornet allereie barnehageplass treng du ikkje søkje. Det nye barnehageåret tek til 15.august.
Les heile saka
Sjølv om temparaturen har vore stabil mellom 10 og 20 kuldegrader den siste tida har det vore stor trafikk til fjells. Det store turmålet er no Tydalsnebba, men det er også mange som nøyer seg med ein tur oppi Dalalia – men felles for alle er at dei er på søken etter pudderføre . Dalalia har den siste tida oppvarta med fint pudderføre, medan det på toppane er litt prega av at det har vore litt vind og i minste laget med snø.
Les heile saka
Sol frå skyfri himmel, minus 18 grader og vindstille – det var altså ein gnistrande fin vinterdag da Todalen sanitetsforening selde fastelavnspynt framfor Hals/Matkroken.
Les heile saka
Driftsstyret vinteranlegg i Todalen Idrettslag har køyrt opp skispor og turveg i traseen til Toåa tursti. På den eine sida er det skispor, medan det på den andre sida er trase for gåing, med eller utan truger. Så akkurat no kjempefine for alle typar turaktivitet i turstien. Da vi tok turen i dag, var det kjempefine forhold med sol, som faktisk varma litt, sjølv om gradestokken viste -12.
Les heile saka
I dag feira Todalen oppvekstsenter at sola har kome att, samstundes som dei feira «samefolkets dag», sjølv om den først er i morgon, 6.februar. Mellom den 6.november og 5.februar er sola borte ved oppvekstsenteret, så i dag var det stor glede da sola viste seg for første gong på knappe tre månader.
Les heile saka
I en pressemelding som er distribuert i dag har Todalen Elveeigarlag informert om arbeidet som er gjort for å endre vilkårene for laksefisket i Toåa. I første omgang er det en prøveordning på 2 år, der Todalen Elveeigarlag og Todalshytta AS inngår eit samarbeid om salg av laksefiske. Det legges tilrette både for lakseturisme og lokalt folkefiske står det i pessemeldingen som du kan lese nedenfor:
Les heile saka