For å klargjere anlegget på Bordholmen stadion til Todalsdagen, arrangerer anleggskomiteen i Todalen Idrettslag dugnad på Bordholmen tysdag 22.juni klokken 18:00.
Les heile saka
For å klargjere anlegget på Bordholmen stadion til Todalsdagen, arrangerer anleggskomiteen i Todalen Idrettslag dugnad på Bordholmen tysdag 22.juni klokken 18:00.
Les heile sakaMed bakgrunn i dei smittevernreglane som vart kunngjort i går, har Todalen Idrettslag bestemt seg for å invitere til Todals-Cup i aldersbestemt fotball, laurdag 26.juni frå klokka 10:00 og utover dagen. Det er aldersgruppa 6 – 10 år som blir invitert, og alle lag i kommunane: Sunndal, Tingvoll, Heim, Rindal og Surnadal blir invitert. – Vi er litt seint ute, men vi har avventa dei nye smittevernreglane, seier leiar i Todals-Cupen, Ola Dalsegg. – Vi håper likevel at det er interesse for cupen og at laga melder seg på, avsluttar han.
Les heile sakaMåndag føremiddag blir fv 6146 forbi Brustad stengt. Det er Mesta som melder dette på telefon til redaksjonen. Det skal skiftast ei stikkrenne som går over vegen ved Brustad. Mesta reknar med at arbeidet er ferdig i løpet av føremiddagen måndag, men kan ta litt lenger tid.
Les heile sakaI sommar skal todalingen Erik Kårvatn delta i junior-VM i Skyrunning. Junior-VM skal gå føre seg i dei italienske alpane, og Erik skal delta i to konkurransar under junior-VM. Den eine konkurransen er Skyrace der Erik og dei andre skal springe 22 kilometer, med ein total høgdemeterforskjell på 2200 meter. Den andre konkurransen er ein såkalla Vertikal. Her spring løparane så raskt som mogleg 1000 høgdemeter.
Les heile sakaI dag gjekk elevane ved Todalen skule ut skuleporten for aller siste gong. No ventar to månader med sommarferie, og til hausten byrjar elevane ved Stangvik skule på Evenshaugen og ved Surnadal barne- og ungdomsskule på Øye. I dag vart dørene ved Todalen skule stengt for aller siste gong, og 101 år med skuledrift i bygningane frå 1920, går no altså over i historiebøkene.
Les heile sakaDen planlagte sommaravslutninga ved Todalen skule onsdag kveld vart avlyst på grunn av vêrutsiktene. Men torsdag nytta elevane og dei tilsette finvêret til å ta turen til Todalshytta for å ete «Todalsburger» med tilbehør til lunsj. Lunsjen vart servert utandørs, slik at elevane og dei tilsette fekk nyte den fine utsikta nedover bygda og skulen.
Les heile sakaTorsdag kveld tok Søya/Todalen sitt G9 lag turen til Tingvoll for å spele seriekamp mot Tingvoll G9. Søya/Todalen sitt G9 lag har få spelarar i år, så med to forfall måtte dei låne med seg to spelarar frå G11 laget.
Les heile sakaTradisjonen tru blir «Ræta Opp» arrangert under Todalsdagen òg i år. Todalsdagen går i år av stabelen laurdag 26.juni på Bordholmen stadion. I år, som alle dei føregåande åra, går deltakeravgifta uavkorta til eit velgjerande formål. I år er det bestemt at deltakaravgifta skal gå til Blodbanken i Kristiansund. Takka vere blodgjevarar kan tusenvis av nordmenn (og kvinner) kvart år overleve alvorlege sjukdommar som til dømes kreft, kompliserte fødslar og skadar. Blodbanken i Kristiansund er ein av våre lokale blodbankar. Å gje blod er frivillig og uten betaling, men ein får ei lita gåve som takk for hjelpa.
Les heile saka25 spreke stavgangere møtte på Bordholmen i Todalen for tur i Toåa Tursti i dag. Etter en periode med regn og dårlig temperatur fikk vi en fin dag med litt sol og behagelig temperatur. Toåa Tursti ble åpnet 14. juni 2020, med litt påfyll av grus i mai i år.
Les heile sakaTysdag 22.juni tek Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Svarrafjellet. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring opp til bommen til Skeisnebbvegen.
Les heile sakaI kveld var det årsmøte i Todalen Grendalag i Todalen ungdomshus. Som for alle andre, har aktiviteten i grendalaget vore sterkt påverka av koronasituasjonen. Men litt aktivitet har det likevel vore i året som gjekk. Badeplassen ved småbåthamna har vore stelt og, den etter kvart tradisjonelle julegata, vart rigga i slutten av november.
Les heile sakaEtter fleire rykk og napp, vart det endeleg fast fisk på kroken for Terje Kristiansen i dag. Det skjedde i Tømmermelhølen og når den kom på vekta viste den 6 kg – det som var spesielt med denne laksen er at den er fettfinneklipt, og det vil seie at den er produsert ved Rossåa settefisk og sannsynleg vis sett ut i Toåa for eit par år sia. Det var ein hofisk på 85 cm som altså vart teken på flue i Tømmermelhølen.
Les heile saka