I går kveld var det dugnad i Toåa tursti. Mange hadde møtt opp for å hjelpe til, så alt som skulle gjerast vart ferdig på snaue halvannan time. Det vart køyrt på grus rundt gapahuken ved Båthølen. Det er no grusa opp, slik at det er lett å kome inn på platten ved gapahuken med rullestolar og barnevogner.
Les heile saka
Så vart det endeleg vår og varme med teppe av kvitsymre på bakken, grønskjær i bjørka og glitrande elv; – ein perfekt dag for kløvertur.
Les heile saka
Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldens, kan fortelje at vasskannene for å vatne på greftene på kyrkjegarden no er framsett. Alt anna hageutstyr som soknerådet eig, kan førebels ikkje nyttast på grunn av gjeldande smittevernreglar. Så slikt utstyr må ein difor ta med seg sjølv.
Les heile saka
No er det gjort utruleg lettvint å booke bord på Todalshytta. Du kan no booke via PC, nettbrett eller telefon – enkelt og greit. Etterpå får du bekrefta di bestilling pr e-post eller messenger. Enkelt og greit både for deg som er kunde og for oss på Todalshytta som tek i mot bestillinga. Sjølvsagt kan du også bestille via telefon eller personleg frammøte – dersom du heller ønskejr det, seier Arve Evensen til Todalen.no.
Les heile saka
Beitesesongen nærmar seg med stormskritt. Lia Gard vil i år, som i fjor, leige ut geiter for landskapspleie. Lia Gard har i år omlag 40 geiter for utleige. Geitene er perfekte for alle som ønskjer ein økonomisk og berekraftig metode for lanskapspleie. Lia gard tilbyr utleige av geit til kommunar, kraftselskap, idrettslag, hytteforeiningar, gardbrukarar, bedrifter og private som ønskjer å utføre landskapspleie.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 10. mai. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag har terminlista for våren 2021 klar, og startar med tur til Svinvikrunden onsdag 12. mai, med start frå parkerinsplassen ved arboretet kl 11.
Les heile saka
Torsdag gjorde Per E. Gjeldnes Maskin ferdig siste parsell av Toåa tursti. Fram til no har det vore ein omlag 200-250 meter lang smal grus-sti som stod att før turstien kunne reknast som heilt ferdig. No har altså denne parsellen òg fått same universelle utforming som resten av turstien, frå gapahuken ved Båthølen og nedover til Hallsetbrua. Den universele utforminga gjer at òg folk med rullestol og barnevogn no kan bruke heile turstitraseen og dermed få full glede av Toåa tursti.
Les heile saka
Kom mai du skjønne milde, her kjem månadens bilete kåring for april som ikkje var riktig så mild. Stem på bilete du likte best slik at vi kan kåra ein vinnar.
Les heile saka
Surnadal kommune kan i år tilby gratis «Sommarskule» for alle elevar i 1. – 10.klasse. Tilbodet er meint å kompensere for den tida mange elevar har mista på skulen på grunn av koronautfordringane det siste året. Det er regjeringa som har løyvd pengane som no gjer det mogleg for Surnadal kommune, og 227 andre kommunar, å tilby gratis «Sommarskule» for alle elevar i 1. – 10.klasse. Det er Kulturskulen som administrerer ordninga i Surnadal kommune.
Les heile saka
Elevane som går i 9.årstrinn ved Surnadal barne- og ungdomskule har kvar vår utplasseringsveke hos ulike lokale bedrifter eller institusjonar. Utplasseringsveka er meint å gje ungdommane arbeidstrening, men og for å hjelpe dei med å velje som karriereveg for framtida. Det er mindre enn eitt år til elevane i 9.årstrinn må velje kva line dei vil søkje på når dei frå hausten 2022 skal starte på vidaregåande utdanning. Valet dei da gjer, vil vere retningsgjevande for den framtidig karrierevegen deira, og for kva dei kan og vil arbeide med i framtida.
Les heile saka
Nordvik Grendalag har hatt styremøte og lagt planer for våren. Aktivitetane i grendalaget har vore sterkt påverka av koronasituasjonen og fokus på å unngå smittespreiing, men no ser styret lys i tunellen og håper det blir litt meir fart etterkvart.
Les heile saka