Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med Senioruniversitetet på operaen «Tosca» i Kristiansund

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 7. november 2021

Indre Nordmøre senioruniversitet inviterer til operatur til Festiviteten i Kristiansund onsdag 9. februar 2022. Det er oppsettinga av operaen «Tosca» i Festiviteten som er det endelege målet for turen, men det blir også middag og desert på Smia før operaen. Senioruniversitetet har reservert 40 billettar, så her er det berre å «kaste seg rundt» og bestille billettar. 

Program for dagen:

Kl 13.30 Avreise med buss frå kulturhuset på Skei. 

Kl 16.30 Middag (bacalao og dessert) på Smia.

Kl 18.00 Operaen ”Tosca” i Festiviteten i Kristiansund.

Kl 22.15 Avreise frå Kristiansund. Vi reknar med å vere på Skei kl 00.30.

Påmelding til:

Marie Drøivoldsmo Tlf: 95115936 E-post: marie.droivoldsmo@gmail.com

eller

Kjellaug Foseide Tlf: 97978200 E-post: kjellaugf@gmail.com

Det er reservert 40 billettar.

Påmeldingsfrist 30. november. Førstemann til mølla gjeld.

Betaling

Heile opplegget med buss, middag og opera kostar 1.200 kroner og skal Betalast til Indre Nordmøre Senioruniversitet, konto 4040.16.00150 før 30.11.2021. Hugs å oppgi namn når du betaler!

Meir om operaen «Tosca».

Senioruniversitetet ønskjer velkommen til ei triveleg oppleving!

Først publisert: 7. november 2021, 11:00 - Sist oppdatert: 5. november 2021, 12:11