Styret i Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank har tilsett Kathrine Mauset (41) i 20% stilling som dagleg leiar i stiftinga. Mauset er utdanna siviløkonom frå Norges handelshøgskole i Bergen (NHH). Ho har brei erfaring innan bank, finans og næringsutvikling. Mauseth har mellom anna arbeidd som analytikar i Danske Markets Corporate Finance og som rekneskapskonsulent i AMFI Eiendom. Dei siste 12 åra har ho vore tilsett som bedriftsrådgjevar i Surnadal Sparebannk.
Les heile saka
Lokalradioen KSU 24/7 frå Kristiansund sender i dag sommarradioen direkte frå Todalen. I morgontimane stakk dei innom Matkroken på Kvennset og laga intervju med handelsmann Nordvik som gikk direkte på lufta. Nordvik fortalte om Kaffekroken, Elsyklar, HalsOil, og mykje anna som Todalen har å by på.
Les heile saka
På Dalavegen, mellom Vestrum og Talgø Gard trefte vi Karen Johanne og elghunden Ragg. Dei var ute på sin daglege tur frå heimplassen Vestrum og oppover etter Dalavegen til Innerdalsmerket. Karen Johanne og Ragg trives godt i lag, og når Karen Johanne finn fram halsbandet, så er Ragg på pletten – meir enn klar for tur i lag med matmor Karen Johanne.
Les heile saka
Tirsdag kommer lokalradioen KSU 24/7 på besøk til Todalen for å lage sending direkte fra Todalen. I tilleg skal dei lage program og opptak som skal sendes på onsdag. Nederst i artikkelen finner du frekvenser du kan lytte til på og link til internettradioen. Det skal sendes fra Matkroken, Todalshytta og fra Kårvatn. Bla videre og følg med på Sommerradioen fra Todalen!
Les heile saka
No lovar yr.no vërforandring – frå onsdag og nokre dagar framover vil det nok bli litt regn, og ei kaldare vêrtype. Det er nok ingen dramatikk i det, for det er nok mange som ønskjer seg litt regn no. Get gjeld nok både for dei som har gras eller andre vekstar som skal vekse, og […]
Les heile saka
Det er fortsatt mange ledige dagar for å kunne leige elsykkel i sommar, for å ta ein sykkeltur rundt i bygda vår. Syklane blir ut- og innlevert på Bordholmen stadion. For å bestille elsykkel, ring 986 11 707.
Les heile saka
No blir det opna for utanlandskae fiskarar – da blir det endeleg full drift, slik vi har planlagt, seier Arve Evensen som er vert på Todalshytta. Dei første tyskarane er alt på plass og over helga kjem det danskar. Arve er glad for at fleire land har vore «grønne», sjølv om det enno må vaksinepass og koronatestar til for å unngå karantene.
Les heile saka
I dag skreiv vi 1.juli noko som betyr at vi skal stemma fram vinnaren for juni månad. Vi har plukka ut åtte kandidatar som alle er verdige tittelen månadens bilete juni. Stem på det bilete du liker best.
Les heile saka
I går, fredag 2.juli kom Surnadal kommune med nye råd for besøk ved Surnadal sjukeheim i sommar. Surnadal kommune ønakjer at alle følgjer desse besøksråda når dei kjem til Surnadal sjukeheim på besøk.
Les heile saka
Det var i 2015 han starta med trening saman med ein kamerat – han fann fort ut at han trivdes med å trene og halde seg i form. I starten vart det både løping og sykling, men han fann ut at han måtte gjera eit val, og spesialisere seg. Den gongen trivdes han best i sykkelmiljøet, og dermed var valet gjort. – Eg både fekk løst, og vart oppfordra – og når ein held på med noko som er artig, så har det lett for å dra på seg.
Les heile saka
I dag var Ragnar Halle og Eivind Grønmyr i full gang med å slå graset på kyrkjegarden ved Todalen kyrkje. Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldnes, er glad for at dei to karane, på frivillig basis, har teke på seg å slå graset på kyrkjegarden. Det gjer at vi, til ei kvar tid, har ein velstelt og presentabel kyrkjegard, seier Kristian.
Les heile saka
I går var stavgangarane på tur til Nauståfossen. Sverre Kjølstad har sendt oss ein liten rapport frå gårsdagens tur: 38 stavgangere fikk en fin tur til Nauståfossen i dag, med sol fra en skyfri himmel. På tur innover gjekk alle samme vei over myra, men på retur var det valgfritt om en gjekk stien lengre opp, eller samme vei tilbake. Det virket som om gruppen delte seg i to med ganske likt antall hver vei.
Les heile saka