Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

KSU 24/7 tok pulsen på Todalen i føremiddag

Jon Olav Ørsal Tysdag 6. juli 2021

Lokalradioen KSU 24/7 frå Kristiansund sender i dag sommarradioen direkte frå Todalen.  I morgontimane stakk dei innom Matkroken på Kvennset og laga intervju med handelsmann Nordvik som gikk direkte på lufta.  Nordvik fortalte om Kaffekroken, Elsyklar, HalsOil, og mykje anna som Todalen har å by på.

 

Framfor Todalshytta – Charles Williamsen er klar for intervju med Terje Talgø. Foto: Jon Olav Ørsal

Vidare gikk turen til Todalshytta og inverju med vertskapet der, Arve Evensen som fortalte om både historia, maten, laksefisket og andre aktivitetar i tilknyting til Todalshytta.  I tillegg vart det interju med Terje Talgø som mellom anna fortalte om «royalsaka»  – både bakgrunnen for saka og utviklinga den siste tida, der Talgø har stevna staten.

Vidare skal dei oppover til Kårvatn, og der reknar vi med at både randonee og sky run blir tema – i tillegg til omtale av butikken på låven blir tema.  Iallfall er det berre å henge seg på som lyttar på lokalradioen KSU 24/7 utover dagen.  KSU 24/7 sener på følgjande kanalar og frekvensar:  Hver dag fra klokken 9-12 på DAB, FM 104,5/107,2/104,1/104,4/105,5, internettradio www.ksu247.no eller i Radioplayer-appen!

Charles Williamsen framfor reportasjebilen frå KSU 24/7. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 6. juli 2021, 10:47