Fredag 13. – søndag 15.august arrangerer Surnadalsøra velforening Øramatnan 2021. Velforeninga er glad for at det vart mogleg å kunne arrangere Øramartna i år att, ettersom fjorårets martna måtte avlysast på grunn av koronasituasjonen.
Les heile saka
Tysdag 17.august tek Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Svarthammaren oppi Knykja. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring. Så går turen til Honnstadkroken for å parkere og deretter går turen opp til Svarthammaren, først etter skogsvegen, og sidan etter ein grei sti heilt opp til Svarthammaren.
Les heile saka
Etter ein kort sommarferie, starta Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag oppatt tursesongen i går. Første tur i haustsesongen gjekk til Torviksetra. Det vart ein fin tur, sjølv om turmålet låg 370 høgdemeter høgare enn startstaden.
Les heile saka
Det er nok mange som har venta lenge på boka om revy- og teatermiljøet i Surnadal. Det var prata om å lage bok til 40-årsjubileet først på 2000-talet, men det har i allfall vorte utsett til no av ymse årsaker. Sist vart det Covid 19-situasjonen som gjorde at det tok tid før ein kom i gang, fortalete Øyvind Holte på ein pressekonferanse med deltakarane i bokprosjektet.
Øyvind Holte er sjølvsagt sentral i eit slik bokprosjekt, som har vore med heile den 50 år lange perioden med revy- og teateroppsetjingar. Minst like sentral er nok Styrkår Brørs, som heile perioden har vore med som revyforfattar. Styrkår Brørs var nok den sjølvskrivne forfattar av ei slik bok etter som han og har vore med sia starten.
Les heile saka
«Det lynte og gnistret i natten den sorte», seier Leif Juster i et velkjent humorinnslag. Det kan ein vel si at det gjorde her også i går kveld? På nettsida lyn.met.no kunne ein følge med på kvar lynet slo net og etter kvart vart det mange plassar her på «indre» – heile 767 plassar var markert på kartet i løpet av ein time. Det fikk da også konsekvendar for straumleveransen frå Svorka, som var ute ei lita stund i Todalen – og litt lenger i Stangvika og andre plassar i kommunen.
Les heile saka
Stavgangturen komande torsdag går til Krokvatnet på Nordmarka, melder Surnadal pensjonistlags stavganggruppe. Det blir oppmøte ved Dønnem bedehus, til vanlig tid klokken 11, for samkjøring vidare derifrå. Parkering ved Alvstusetra. Alle er velkomne til å bli med!
I ei statusoppdatering frå Surnadal kommune, om koronavaksineringa, heiter det: – Det kjem fleire vaksinedosar i veke 32 og 33 som gjer at Surnadal kommune no startar med å tilby andre vaksinedose. Surnadal kommune seier seg ferdig med ordinær innkalling for dose ein denne veka, og vi endrar fokus til å prioritere dose to.
Les heile saka
Torsdag 12.august klokka 19:00 inviterer Surnadal Jeger- og Fiskeforening (SJFF) til familiesjøfiskekveld frå båt, både for store og små, på Nordvik. Dette er eit årvisst arrangement SJFF har arrangert i fleire år, og som har vore eit populært arrangement.
Les heile saka
Robotplenklipparen som forsvann frå den nedre parkeringsplassen på Haugen vegkryss onsdag ettermiddag, åhar kome til rette att. Politiet opplyser at robotklipparen vart observert sett frå seg, på same plass som den forsvann frå, i går ettermiddag.
Les heile saka
På Norsk Vandrefestival 2021 som i helga vart arrangert i Rindal, vart Eva Laukøy tildelt Vandrestaven. Det er ei utmerking som vert delt ut til eit friluftsengasjert menneske eller ei foreining som har utmerkt seg i arbeidet for å spreie friluftsglede. Eva Laukøy har gjennom mange år utmerka seg gjennom sin litt tilbaketrekte rolle som programskapar i NRK, heiter det i juryens grunngjeving
Les heile saka
Det såg faktisk litt grått ut i dag tidleg, og nokre regndråpar låg att på terrassen og varsla om at vêret kanskje ikkje var heilt trygt. Men det var berre falsk alarm, for vêret vart betre utover føremiddagen, og da frilustsgudstenesta starta var det både god temperatur og lite som kunne minne om regn. Da gudstenesta starta kl 11 var det faktisk eit 40-tal som hadde benka seg i arboretets uterestaurant. Og sjølv om blomstringa nok er på hell, vart da uterestauranten ein staseleg katedral og ga friluftsgudstenesta ein fin atmosfære.
Les heile saka
For mang er vel sommarferien no på hell, og på denne månadens kåring kan vi seie at det ser ut som at det har vore ein fin og varm juli.
Les heile saka