Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 13. september til Hjellnessetra. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 13. september til Hjellnessetra. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Les heile sakaI dag vart Hydro Cup 2021 arrangert på Sunndalsøra. Vanlegvis er blir Hydro Cup arrangert frå fredag til søndag på våren, men på grunn av koronasituasjonen, vart cupen først utsett, og sidan redusert til ei eindagarsturnering. Kvass/Ulvungen-Søya/Todalen sitt G12-lag var eit av dei mange laga som deltok under årets cup.
Les heile sakaKristoffer Nordvik sikra seg 3-plassen og dermed blir det nok kvalifisering til VM-deltaking i Thailand i november. Etter kanonsterkt løp under Molde 7 topper Ultra der han laåg på 2.-og 3- plass gjennom heile løpet vart det ved målgang på området ved Romsdalsmuseet til slutt ein 3.-plass.
Les heile sakaI dag hadde Sjøulken (Johan Birger Rangnes) teke oppstilling utanfor Matkroken Todalen for å selje ferske delikatesser frå havet. Noko av det han selde var sjølvfiska og andre ting hadde han fått tak i frå andre fiskarar/fangstmenn. Johan Birker kunne fortelje at han tek sikte på å ha utsal i Todalen kvar månad framover, så da ser det ut til å bli mogleg å få kjøpt fersk sjømat i tida som kjem.
Les heile sakaSurnadal kommune vil no tilby 3. dose til pasientar med særleg svekka immunforsvar. Dette er i tråd med regjeringa si beslutning om å tilby 3. dose til pasientar med alvorleg svekka immunforsvar, ønsker FHI at kommunane no informerer om dette avgrensa tilbodet.
Les heile sakaMåndag 13.september klokka 18:00 spelar Kvall/Ulvungen-Søya/Todalen G12 kamp mot Dahle frå Kristiansund. G12 spelar i 7-er serie og det er to todalingar med på laget. Det blir open kiosk der dei kan lokke med bakels med graut, kaffe, brus, sjokolade, is og potetgull. Så her er det mogleg å ta ettermiddagskaffen på måndag!
Les heile sakaFra tidlig morgen var det lite håp om godvær for stavganggruppa. Imidlertid varslet yr om oppholdsvær fra kl. 09.30, og det skulle vise seg at de hadde nesten rett, for da klokka nærmet seg 10.00 tok regnet slutt. Riktignok var det skodde langt nedover fjellsidene, slik at utsikten uteble. Vi fikk likevel en fin tur, og kunne kose oss med kaffe og noe å bite i under den fine gapahuken ved parkeringsplassen. Slik som værforholdene var tidlig på dagen er vi godt fornøyd med 17 deltakere. Vi får trøste oss med at mye regn gir håp om lavere strømpriser utover høsten.
Les heile sakaHausten har så vedt starta, og i dag kom Surnadal kulturhus med haustprogrammet sitt. Her er det mykje å sjå fram til dei neste månadane fram mot jul. Programmet inneheld teater, litteratur, konsertar og mykje meir, så her er det noko for ein kvar smak og mykje å gle seg til!
Les heile sakaTyrsdag 14.september klokka 18:00 – 20:00 inviterer styret i Surnadal dementforening og helselag ALLE til møte i Oppistua Øye hos Solveig Haglund. Styret ønskjer å diskutere framtida til laget og å få innspel og forslag til kva dei kan gjere for å auka aktiviteten i laget att.
Les heile sakaTysdag 14.september går Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Tverrlihytta i Bøverdalen. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring.
Les heile sakaSom mange sikkert har fått med seg, så har Remidt lagt om frå to til fire søpledunkar frå 1.september i år. Dette gjer at tømmekalenderen er endra. No blir det slik at nokre av dunkane blir henta på tysdagar, medan andre blir henta på fredagar. Sorteringa har og blitt endra slik at vi må sortere meir enn tidlegare. Alt om sortering finn du på heimesidene til Remidt på remidt.no
Les heile sakaI ettermiddag markerte Trimgruppa og Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag, på vegne av Surnadal kommune, «Friluftslivets uke» på Tjønnmyra. Vêret var slett ikkje det beste, men trass i dette møtte det opp mykje folk for å vere med på markeringa.
Les heile saka