Styret i Todalen.no kallar inn til årsmøte på Gammelfabrikken i Brusetmarka tysdag 15. april klokka 18:00. Vanlege årsmøtesaker, statistikkar, utdeling av «årets bilde» og enkel servering.
Les heile saka
Styret i Todalen.no kallar inn til årsmøte på Gammelfabrikken i Brusetmarka tysdag 15. april klokka 18:00. Vanlege årsmøtesaker, statistikkar, utdeling av «årets bilde» og enkel servering.
Les heile sakaSøndag kveld var det husbasar i Ungdomshuset, og der var det stort oppmøte og god basarstemning. Det er artig å arrangere basar igjen når det er så bra oppmøte, sa komiteleiar Bjørn Gunnar Ansnes. Det har og vore bra loddsal på førehandssalet, og totalt kom loddsalet opp mot 25.000. I tillegg kjem åresal og sal av kaffe og bakels, så vi er godt nøgde med resaultatet, sa Ansnes.
Les heile sakaI dag gjekk sesongen i mål for randoneelandslaget – arrangementet har foregått over 3 dager i Tromsø, og etter dagens individuelle konkurranse vart det altså slege sluttstrek for 24/25-sesongen. I dagens konkurranse gjorde Ida Waldal og Trym Dalset Lødøen sterke løp, og sikra kvar sin 12.-plass. I Lødøens klasse var det 72 deltakar – derav 9 deltakarar frå det norske raandoneemiljøet
Les heile sakaDen siste veka har det foregått forebuing til taklegging i Nilsstua på Husby. Det gamle torvtaket har «stått sitt høgst» og var modent for utskifting. Etter kvart har det vorte lekkasjar både her og der, og det vart etter kvart behov for eit skifte. Det er eit utruleg stort tak – 300 m2 – der ein var nødd til å fjerne den gamle torva før ein kunne legge nytt torvtak, fortel Eirik Husby, som er prosjektleiar for nytt tak.
Les heile sakaDenne veka har det vore arbeidd med å få laga fundament til det nye reiskapshuset og å få dette sett på plass i Toåa tursti.
Les heile sakaNorge stillte med 7 deltakarar i randonee-WC som skjer på heimebane i Tromsø i helga. I dag var det sprint på programmet, og det var knytt stor spenning til resultatet av prologen der løparane skulle kvalifisere seg for å gå vidare i programmet. 4 av løparane gikk vidare til kvartfinalen, medan 3 gjekk ut.
Les heile sakaDet har vore ein travel etterjulsvinter for Monica M. Kvendset og dei andre hos Lia gard. I tillegg til dei vanlege bakeriutsala annan kvar fredag og andre bakeoppdrag, har dei nemleg pussa opp og utvida bakeriutsalet sitt i fjøset i Lia.
Les heile sakaSjølv om vêret ikkje alltid gjev vårfornemming enda, så arrangerte uansett Surnadal NTN Teakwondo klubb vårdugnad med innsamling av plast og anna søppel, som i løpet av vinteren hadde kome på avvegar. Det var området i Røtet, rundt ein av teakwondo klubben sine gode sponsorar, Talgø MøreTre AS som vart rydda torsdag kveld.
Les heile sakaFørehandssalet til «Jubileumsbasaren» i Todalen ungdomshus søndag 13. april (palmesøndag) klokka 18:00 – 20:00 held fram på Vipps (fram til midnatt laurdag 12. april) og på Matkroken Todalen fredag 11. april i tidsrommet 09:30 – 10:30 og 12:30 – 14:00.
Les heile sakaDa går vi snart inn i påskehøgtida, noko som inneber nokre små endringar i opningstidene hos Matkroken Todalen. Heilt stengt er det berre fredag 18. april (langfredag) og søndag 20. april (første påskedag). Elles er det nokre små justeringar av opningstida i samband med påska. HalsOil har som alltid ope 24/7 for drivstoffylling med kort!
Les heile sakaFredag 18. april (langfredag) klokka 13:00 inviterer driftsstyret for skihytta til den tradisjonelle «Kjerringdilten» på skihytta til Todalen Idrettslag. Vinnaren av «Kjerringdilten» får eit napp i vandrepokalen. I tillegg får dei tre beste kvar sin pokal til odel og eige.
Les heile saka