Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sal av kornband i morgon

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. november 2021

I morgon (laurdag) vil medlemmer frå Start 4H ha stand utanfor Matkroken Todalen, for å selje kornband.  Kornbandsalet går føre seg i tidsrommet mellom klokka 11:00 – 15:00. Start 4H ønskjer alle velkomne innom standen sin, for å kjøpe kornband eller slå av ein prat!

Les heile saka

Julegatetenning på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. november 2021

Søndag 28. november, frå klokka 18:00, er det tenning av, den etterkvart tradisjonelle, julegata til Todalen Grendalag mellom Matkroken Todalen og Talgø. Tenninga av julegata går føre seg utanfor Matkroken Todalen. Det blir sal av lodd i Grendalaget sitt «Julegatelotteri», som har trekning seinare søndag kveld. Grendalaget spanderer kaffe og bollar på dei vaksne og gløgg til ungane. Grendalaget har også gjort avtale med nissen, og han har lova å ta ein tur, så kanskje vankar det ei lita førjulsoverrasking?

Les heile saka


Onsdag tennes julegrana i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. november 2021

Komande onsdag, 1. desember kl 18 er det storstila julegrantenning i Trudvangkrysset i Brusetmarka.  Dei har invitert heile «Øverbygda», frå Brusetbrua og oppover til Kårvatn.  Som vanleg blir det nok traktering med gløgg og vanleg tilbhør.  


Aukande smitte i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. november 2021

I ei pressemelding frå kommuneoverlegen no i føremiddag, får vi informasjon om aukande smitte og vidareføring av lokal forskrift. Onsdag 24.november vart det påvist 9 nye smittetilfelle i Surnadal. Det er eit høgt tal, men venta, etter at personane hadde testa positivt på hurtigtestar tidlegere i veka.

Les heile saka

Stille natt i Ranes kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. november 2021

Onsdag 1. desember klokka 19:00 inviterer Tordenskjold songlag til førjulstund saman med Oddgeir Bruaset i Ranes kyrkje. Her vil Oddgeir Bruaset fortelje historia bak dei mest kjente julesongane våre, før Tordenskjold songlag syng dei. Tordenskjod gler seg til endeleg å få synge julesongar att, og lover ei koseleg førjulstund for dei som kjem til Ranes kyrkje den 1. desember. 

Les heile saka

Fotpleie i desember

Dordi Jorunn Halle Onsdag 24. november 2021

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 13. og tysdag 14. desember. Det er mange ledige timar båe dagane.

Les heile saka

Nytt klokketårn på stabburstaket

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. november 2021

I snekkarverkstedet på Liatun er det eit arnested for spesielle ting som folk vil ha.  I dag la Gunnar Nordvik siste hand på verket for klokketårnet som skal til Nordvik.  Det er Karin Åsbø og Nils Håvard Øyås som har bestillt klokketårn som skal monterast på det restaurerte stabburet heime i Nedre Slettnesset.

Les heile saka

Flaumstor Surna gikk over sine bredder

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. november 2021

Elva Surna har i natt gått over sine bredder – på topp var nok vassføringa mellom klokka 2 og 3 i natt – og hadde da større vassføring en under storflaumen for eit par år sia da både krøtter og sauer vart tekne av flaumen.  No var flaumen varsla – sågar på orange nivå – og både krøtter og sauer var forlengst komne i hus.

Les heile saka

To nye positive PCR-testar

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. november 2021

Kommuneoverlegen fekk seint i går kveld melding om to nye positive PCR-testar i Surnadal.Det eine smittetilfellet er ei kvinne tilsett i skuleverket, som er smitta gjennom kjent smitteveg frå Trondheim.Det andre smittetilfellet er ein mannleg handverkar som er smitta i forlenginga av utbrotet i Midtigrenda barnnehage.

Les heile saka

Minner om årsmøtet, som blir digitalt

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. november 2021

Todalen elveeigarlag minner om sitt årsmøte torsdag 25. november 2021 kl 19.30.  På grunn av utviklingen i koronasituasjonen blir møtet gjennomfør digitalt, og IKKE i Sanitetshuset, slik som det står i den opprinnelige innkallingen til årsmøtet, melder styret i elveeigarlaget. 

Les heile saka

Felles middag på kyrkjelydshuset i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. november 2021

Onsdag 1. desember inviterer kyrkja i Surnadal til felles middag på kyrkjelydshuset på Skei. Middagen blir servert mellom klokka 16:00 – 16:45. Så er du lei av ofte å måtte ete middag åleine, er det triveleg å kunne ete middag saman med nokon fleire av og til? For travle småbarnsfamiliar er det av og til godt å kome til dekka bord og sleppe oppvasken etterpå! Dette vil kyrkja i Surnadal no gjere noko med, og inviterer difor til felles middag på kyrkjelydshuset på Skei

Les heile saka