Det blir ei travel sesongavslutning for Søya/Todalen sitt G9-lag. I går var dei i Laikarvollen og spela kamp, før det vart ein tur på Napoli i Surnadal for å ha sesongavslutning med pizza og brus. Og no i ettermiddag, nærare bestemt klokka 18:00, spelar dei heimekamp mot Surnadal G9 på Bordholmen stadion, og først etter at den kampen er ferdig, er fotballsesongen 2021 over for Søya/Todalen G9.
Les heile saka
No er den gule Norva-bolen i nabolaget. Norva 24 det er Strynfirmaet som har avtale med Surnadal kommune om tømming av septiktaker rundt i heile kommunen. Normalt er det 2 år mellom kvar tømming i private heimar og 4 år mellom kvar tømming i fritidsbustader. I større anlegg som har tank kan det være tømming oftare, og ofte etter nærarae avtale. Vi trefte Jan Melsåsen i full gang med tømming i Sissigrenda – han bur i Hornindal, men jobbar for Strynfirmaet. Når dei jobbar her i Surnadal bur dei på HammeStuene på Surnadalsøra.
Les heile saka
I ei pressemelding frå Surnadal kommune i går ettermiddag blir vi informert om tredje vaksinedose. Folkehelseinstituttet tilbyr no tredje dose koronavaksine til ein større del av befolkninga. Tidlegare er ei ekstra dose koronavaksine gitt til personar med svekka immunforsvar. No skal nye grupper få ei oppfriskingdose for å forlenge det gode vernet mot alvorleg sjukdom ved eventuell koronasmitte i tida etter gjenopninga.
Les heile saka
Frå næringsavdelinga i Surnadal kommune, har vi fått informasjon om den kommunale kompensasjonsordninga til verksemder, lag og foreiningar i Surnadal kommune. Dette er ei kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder, lag og foreiningar som har vore særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak under koronapandemien.
Les heile saka
Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag har slått strek for sine turarrangement for i år. Tysdag feira dei sesongslutt og fyrte opp grillen ved gapahuken på Tjønnmyran, og det vart eit stort og triveleg seskap med over tretti deltakarar. Pølser og burgerar glei lett ned samtidig som praten gikk lett rundt borda – og vi kan vel konkludere med det at den sosiale biten er minst like viktig som den fysiske treninga som turane gir.
Les heile saka
Ein eldre fullvaksinert person, busett i Surnadal, har testa positivt på reise utanfor kommunen. Vedkommande er isolert og oppheld seg utanfor kommunen i isolasjonsperioden. Risikoen for vidare smitte er særs låg. Dette opplyser kommuneoverlege Bjørn Buan, i ei pressemelding, no på tidleg ettermiddag.
Les heile saka
Tysdag 12. oktober mellom klokka 10:00 – 17:00 er det haustferieaktivitet hos Stall Lerbru i Stangvik. Aktivitetsdagen er for alle skulebarn frå 1. – 7. årstrinn. Det er lagt opp til mange forskjellege aktivitetar, i tillegg til stell og ridning kan Stall Lerbru tilby mange andre aktivitetar denne dagen.
Les heile saka
Grunna vedlikehaldsarbeid er det manuell dirigering i Svinviktunnelen i dag mellom klokka 09:00 – 15:00. Vent på ledebil heiter det i meldinga frå vegmeldingssentralen. Så skal du køyre gjennom Svinviktunnelen i dette tidsrommet, kan det vere lurt å legge inn litt ekstra tid!
Les heile saka
Det vart ei skikkeleg gjenopning når det først vart! Dobbel feiring med både 175 årsjubileum og 140 årsjubileum i eitt. Misjonslaget i Todalen er 175 år i år, og misjonslaget på Eidet er 140. Sjølv om laget på Eidet er for undom å rekne samanlikna med laget i Todalen, så står det stor respekt av alderen til begge. – Bernt Bøe var der, og vi har fått både tekst og bilder frå det store jubileumssekskapet som vart arrangert på Eidet bedehus i helga – bla om og les.
Les heile saka
Stavgangarane i Surnadal Pensjonistlag tek torsdag 7. oktober klokka 11:00 turen til Torvik. Pårkering på snuplassen i Torvika. Derifrå går turen utover eit stykke. Svein Tjelle i Stavganggruppa oppfordrer folk til å ta med seg stolar.
Les heile saka
Dagens Kløvertur gjekk til Vorpneset via Ansneset. Det var 9 damer som var med på turen i strålande haustvêr og god temperatur. Det vart og tid til ein liten kaffepause og triveleg samvær for turdamene.
Les heile saka
Surnadal Pensjonistlag inviterer til trivselkveld på Thon Hotel Surnadal onsdag 20. oktober klokka 19:00. Det blir varmrett og dessert i restauranten, før dei flyttar seg til Gladlaksen for kaffe. Trond Larsens trio spelar til dans. Pris kr 250,- pr. person for medlemmer, og kroner 350,- pr. person for ikkje medlemmer.
Les heile saka