Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Koronavaksine: Informasjon om ekstra oppfriskingsdose

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. april 2022
To målgrupper kan no få tilbod om ekstra oppfriskingsdose etter avtale:  FHI opnar for at eldre frå 80 år og oppover og personar med alvorleg svekka immunforsvar no kan få tilbod om ei ekstra oppfriskingsdose. Det er den velprøvde vaksinetypen frå Pfizer som er aktuell.

Til personar med alvorleg svekka immunforsvar – Dersom din behandlande sjukehusspesialist anbefaler deg fleire doser koronavaksine enn du har fått til no, ber vi deg ta kontakt med vaksinekoordinator på Vaksinetelefon: 913 79 001 (mån. – fre. kl. 09.00 – 15.00)

Til personar 80 år og eldre  – Eldre oppnår generelt lågare immunrespons enn yngre og har ein høgare risiko for å bli alvorleg sjuke om dei skulle bli smitta. Folkehelseinstituttet opnar difor for at du som er i denne aldersgruppa, som har fått 3 doser og ikkje har gjennomgått koronasjukdom etter dette, no kan få ei ekstra oppfriskingsdose om du ønskjer det. Det må ha gått minst 4 månader frå du sist fekk oppfriskingsdose. Om du får ei ekstra oppfriskingsdose denne våren, utelukkar ikkje dette at du også kan få tilbod om ny oppfriskingsdose til hausten. 

Timebestilling og vaksineringsstad
Ring Vaksinetelefon: 913 79 001 eller send epost til vaksine@surnadal.kommune.no dersom du ønskjer ei ekstra oppfriskingsdose no i vår. 

  • Vaksnieringa skjer etter avtale på Helsestasjonen 
  • Første vaksineringsdag for ekstra oppfriskingsdose er fredag 13. mai
  • Det vil bli sett opp fleire vaksineringsdagar etter behov

Les meir om kva FHI skriv om ekstra oppfriskingsdose til desse to målgruppene.

Først publisert: 23. april 2022, 05:00 - Sist oppdatert: 22. april 2022, 22:08