Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trygve Slagsvold Vedum med skriftleg spørsmål om royalimpregnert trekledning

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 23. april 2021

15.april stilte Senterpartileiar og Stortingsrepresentant, Trygve Slagsvold Vedum, skriftleg spørsmål til kommunal- og mederniseringsminister, Nikolai Astrup, om status for royalimpregnert kledning. Bakgrunnen for spørsmålet til Vedum  er at Direktoratet for Byggkvalitet (DiBK) i januar fremma eit krav om testing av royalbehandla trekledning. 

Les heile saka

Sal av maiblomster

Dordi Jorunn Halle Torsdag 22. april 2021

Snart er det mai og tid for vårpynt. Laurdag 24. april sel Todalen sanitetsforeining maiblomster på Matkroken. 

Les heile saka


Rute 46: Kvanne – Rykkjem med nye ruter frå 24.april

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 22. april 2021

Som ein direkte konsekvens av utvaskinga av sjøbotnen ved den Rykkjem fergekai, blir det frå og med laurdad 24.april og ut juni lengre overfartstid og færre avgangar i fergesambandet Kvanne – Rykkjem. Dykkarinspeksjonar har nemleg kartlagt at utvaskinga av sjøbotnen på Rykkjem fergekai aukar. Difor må overfartstida aukast, slik at ferga kan bruke mindre motorkraft og lågare fart når den legg til kai på Rykkjem. Dette skal minske belastningane på sjøfyllinga fram til ho er sikra. 

Les heile saka

Framleis nokre billettar att!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 22. april 2021

Fredag 23.april klokka 19:00 kjem Namsos Allstar til Surnadal kulturhus med «The Hits of Bruce Springsteen». Namsos Allstar er det ein kan kalle eit «overskuddsprosjekt», og består av artistar frå DDE, Sambandet, Terje Tysland Band, Grannes samt Thoma, minsteblad, Brøndbo. For å kunne atterskape den kjente og magiske lyden til The E-street Band, har dei teke med seg saksofonisten Egil Furre i rollen som Clarence Clemons.

Les heile saka

Todalshytta: Signaturen kom fram i dagen 121 år etter…

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. april 2021

For 121 år sia låg det ein annan kar på kne her og spikra fast gulvplankar på eit av soveroma på Todalshytta.  Det var Bendt Ellingsen som var ein av snekkarane som var med og bygde Todalshytta i 1900. Under restaurering av gulvet i suiten kom det fram i dagen ein signert gulvplank

Les heile saka

Svorka utsett varsla linjeettersyn med helikopter til neste veke

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 21. april 2021

På grunn av innreisekarantene, må Svorka utsette det varsla linjeettersynet med lågt-flygande helikopter, som eigentleg skulle ha starta i dag, til neste veke. Det er den svenske fotografen, som skal fotografere linjenettet, som er sett i innreisekarantene på Værnes. Dette betyr at heile linjeettersynet vil bli gjennomført frå og med tysdag 27.april og ei stor veke framover, til i byrjinga på mai. Linjeettersynet vil òg gå føre seg helga 1-2.mai. 

Les heile saka

Båtutlegget fann sin eigarmann…

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. april 2021

Karl Johan Husby bur på Todalsøra og driv litt hobbyfiske med sjarken sin – som ligg til kai på Todalsøra. Karl Johan var ute for å prøve fisket ein dag denne veka, og da fant han eit solid båtutlegg som sannsynleg vis hadde kome rekande utåfrå fjorden – eller kanskje heilt uti i frå «fysnå».  No ettelyser Karl Johan det rettsmessige eigar av båtutlegget, slik at dei igjen kan bli forent – og eigaren er faktisk funnen!

Les heile saka

Surnadal kommune med presisering av reglane om bandtvang

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 21. april 2021

Surnadal kommune ønskjer å presisere reglane vedrørande bandtvang. Bakgrunnen for dette, er at dei i det siste, har fått fleire tilbakemeldingar frå folk om at bandtvangen ikkje blir respektert av alle hundeeigarar. Kommunen ønskjer difor å presisere at bandtvangen er absolutt og gjeld i perioden 1.april – 31.oktober i Surnadal kommune. 

Les heile saka

Gjev pris til Sanitetskvinnene Surnadal, Torvik og Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. april 2021

Det var Surnadal Sparebank som gjorde ære og stas på Sanitetskvinnene i Surnadal – det vil si dei tre sanitetsforeningane i Surnadal, Torvik og i Todalen.  Tysdag vart dei overrekt Surnadal Sparebanks Utviklingspris – den tjuande i rekkja og kanskje den siste.  Iallfall den site i Surnadal Sparebanks regi, etter som banken blir ein del av Sparebank1 Nordmøre frå 3. mai.

Les heile saka