Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin 1. mai-feiring i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 1. mai 2022

I dag inviterte Surnadal Arbeiderparti til god «gammeldags» 1. mai-feiring på Surnadal kulturhus. «Arbeidernes internasjonale kampdag» har vore feira i Norge sidan slutten på 1800-talet. I år var hovudparolane: Frihet, demokrati og solidaritet, noko som dessverre er meir aktuelt enn på lenge, sidan vi igjen opplever krig og krigshandlingar i Europa. Mange møtte opp på kulturhuset for å vere med på 1. mai-feiringa i Surnadal, slik at det vart eit flott arrangement. 

Helge Røv var programleiar for 1. mai-feiringa i Surnadal. Foto: Anne Ma Nyheim

Helge Røv var programleiar for dagen. Han guida ein fullsett sal gjennom eit variert program med både talar og musikk. 

Ole Dalsegg (nestleiar i Surnadal AUF) og Emely Stangvik (leiar i Surnadal AUF) helt parole under 1. mai-feiringa i Surnadal. Foto: Anne Ma Nyheim

Leiar i Surnadal AUF, Emely Stangvik og nestleiar, Ole Dalsegg, imponerte alle frammøtte med ein fin appell for dagen. 

Hanne Berit Brekken var hovudtalar under 1. mai-feiringa i Surnadal. Foto: Anne Ma Nyheim

Hanne Berit Brekken, ordførar i Aure, nestleiar i Møre og Romsdal AP og landsstyremedlem, var dagens hovudtalar, og ho helt ein tidsaktuell og god tale. 

Surnadal hornmusikk varta opp med minikonsert under 1. mai-feiringa i Surnadal. Foto: Anne Ma Nyheim

Surnadal hornmusikk, var i tradisjon tru, med på feiringa og helt ein minikonsert, mellom anna med avspeling av «Internasjonalen».

Minikonsert hadde også FrankLind (Frank og Linda Botten) Foto: Anne Ma Nyheim

FrankLind, Frank og Linda Botten, spela og song til stor applaus frå dei mange frammøtte. 

Mykje folk kom for å vere med på årets 1. mai-feiring i Surnadal. Foto: Anne Ma Nyheim

Det var også eit stort basarbord med mange gevinstar frå lokalt næringsliv og enkeltpersonar, samt sal av kaffe og festkake. 

Faner høyrer med på 1. mai-feiring. Foto: Anne Ma Nyheim

Arrangementskomiteen er særs godt nøgd med årets 1. mai-feiring i Surnadal, og dei glad for at så mange tok turen for å vere med på feiringa av dagen. Dei nyttar også høvet til å takke for alle gevinstane dei fekk til lotteriet og alle som har bidrege til gjennomføring av arrangementet. 

Her kan du sjå trekningslista for 1. mai-lotteriet i Surnadla 

 

Publisert: 1. mai 2022, 18:22