Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hjorten blir frista av nygrøå

Jon Olav Ørsal Fredag 29. april 2022

På Ørsalhøgda kunne ein mesta tru at krøttera vart komne ut på beite – ein heil skokk med hjort var nok frista av nygrøå, og beita i fred og ro på begge sider av vegen.  Det nærmar seg nok fort kalvingstida no, og vi kunne sjå at enkelte dyr var kalvdigre.   Om vi kom med bil var det berre såvidat at dei flytta seg unna litt, slik at vi kunne passere.  Men det er nok lurt å være litt forsiktig!

Mange dyr attmed vegen når du passerer Ørsalhøgda. Foto Jon Olav Ørsal

Hjorten og rådyra er nok litt uberegnelige, og kan kome fort og overraskane for å passere vegen.  Da gjeld det å ha liten fart og kanskje være klar med bremsen.  Kvar hjorten har tilhald varierer, og dei kan nok dukke opp der du minst ventar det. 

 

Publisert: 29. april 2022, 19:55